Stenger opptak til populær mastergrad
Over 100 søknadar har vore handsama til masterløpet Samfunnsplanlegging og leiing denne våren, og med tilsaman 55 ja-svar så langt, har ein no stengt studiet.

Over 100 søknadar har vore handsama til masterløpet Samfunnsplanlegging og leiing denne våren, og med tilsaman 55 ja-svar så langt, har ein no stengt studiet.
– Vi gler oss over ei særs god rekruttering til HVO sin eldste mastergrad, og har no sett strek for i år, seier kontorsjef Kjell Einar Dagfinrud.
Masteren kan takast i to variantar, anten som fulltidsstudium eller som deltidsstudium. Begge variantane er samlingsbasert. Dette gjer at mange ser seg syn med å studere master ved sidan av jobb. Det er også råd å søkje opptak på enkeltemne så langt det er ledige plassar, og gjere seg opp ei meining etterkvart om det skal ende opp som ein heil master til slutt.
– Studentsamskipnaden i Volda tilbyr rimelege korttidshyblar som våre studentar kan leige i samlingsvekene, og både ekspressbusstilboda regionalt og mot Oslo/Trondheim/Bergen samt hyppige flyavgangar på Hovden gjer det mogleg for studentar frå heile landet å studere hos oss, seier studiekoordinator Gunnvor Bakke.
Sjølv om opptak til heile masterløpet no er stengt for i år, er det framleis nokre få ledige plassar på nokre av enkeltemna som startar til hausten:
- Regional planlegging og utvikling
- Politikk, helse og livsløp – overornda perspektiv
- Rus som kulturelt og sosialt fenomen
I tillegg er også fire andre mastergradar framleis opne for søking per 1. juli:
- Helse- og sosialfag – meistring og myndiggjering (heiltid)
- Helse- og sosialfag – meistring og myndiggjering (deltid)
- Kulturmøte(heiltid)
- Kulturmøte (deltid)
- Nynorsk skriftkultur (heiltid)
- Nynorsk skriftkultur (deltid)
- Undervisning og læring, spesialisering i sepsialpedagogikk, matematikk eller norsk