Søk utveksling før 1. oktober
Interessert i å studere i utlandet til våren? Hugs å søk om utveksling før 1. oktober!

Embla Bartnes (Planlegging og administrasjon) og Thomas Amlie (PR, kommunikasjon media) var på utveksling i Bilbao i Spania.
Interessert i å studere i utlandet til våren? Hugs å søk om utveksling før 1. oktober!
I haust har Høgskulen i Volda (HVO) mange studentar på utveksling rundt om i verda. No nærmar fristen seg for å søke om utveksling for vårsemesteret 2023.
Å reise på utveksling gir ei unik moglegheit til å bu ein lengre periode i utlandet, og til å fordjupe seg innanfor eit fagområde. Ofte kan våre avtalepartnarar tilby fag som ikkje er tilgjengelege her i Volda.
Vel mellom mange institusjonar og land
HVO har samarbeidsavtalar med meir enn 100 institusjonar fordelt på om lag 40 land rundt om i verda.
Avhengig av kva studie du tek, kan du som student ved HVO velje mellom mange universitet i Danmark, Storbritannia, Hellas, Japan, USA, Australia og ei rekkje andre land.
Kristoffer Klepp Moe går andre året på journalistikk ved HVO. I haust er han på utveksling på Hawaii. Onsdag 7. september tek han over høgskulens Instagram-konto og du kan få eit innblikk i korleis kvardagen til Kristoffer er. Send han gjerne spørsmål du måtte ha på Instagram denne dagen.

Hjelp til søknad
Dersom du ikkje er heilt sikker på om du vil reise ut, eller kanskje ikkje har bestemt kvar du vil reise, kan du lese meir om utveksling ved HVO her.
Hugs søknadsfrist 1. oktober!
Internasjonalt kontor vil sjølvsagt hjelpe til med søknadsprosessen. Du kan også bestille rettleiingstime hos internasjonalt kontor for råd i samband med søknaden din.