Skjermbrukutvalet har overlevert sluttrapport
Utvalet peikar på tre hovudutfordringar: Å bruke skjermar kan gjere det vanskelegare å sovne og gje dårlegare søvn. Eigenskapar ved sosiale medium kan føre til dårlegare psykisk helse. Skjermbruk kan utfordre konsentrasjonen og læringa til barn og unge.

Skjermdump frå pressekonferansen (regjeringa.no).
Måndag 11. november overleverte Skjermbrukutvalet, der HVO-professor Siv M. Gamlem har vore mellom ekspertane, sluttrapporten sin til regjeringa: NOU 2024: 20. Det digitale (i) livet – Balansert oppvekst i skjermenes tid.
- Les heile rapporten her (regjeringa.no).
Oppgåva til utvalet har vore å leggje fram eit breitt kunnskapsgrunnlag om barn og unge sin skjermbruk og kome med anbefalingar til regjeringa.
– Ifølgje regjeringa skal Noreg vere det mest digitaliserte landet i verda innan 2030. Skal slike ambisiøse mål vere realistiske, må befolkninga stole på at den ønskte utviklinga er trygg – ikkje minst for våre barn og unge, sa utvalsleiar Robert Steen mellom anna under overleveringa i Marmorhallen på Stortinget.

Peikar på tre hovudutfordringar
Det breitt samansette Skjermbrukutvalet har arbeidd med det viktige oppdraget sidan sommaren 2023. I sluttrapporten peikar utvalet på følgjande som dei tre største utfordringane dei har funne:
- Å bruke skjermar kan gjere det vanskelegare å sovne og gje dårlegare søvn.
- Eigenskapar ved sosiale medium kan føre til dårlegare psykisk helse.
- Skjermbruk kan utfordre konsentrasjonen og læringa til barn og unge.
Utvalet anbefaler også at skjermbruken for barn under to år bør vere sterkt avgrensa, at elevar bør ha trykte lærebøker i tillegg til skjerm på skulen, og at barna bør beskyttast mot skadeleg innhald.
Les også pressemeldinga «Anbefaler balansert skjermbruk» på regjeringa.no.