Professoren blei lurt trill rundt
Snedige HVO-kollegaer lokka litteraturprofessor Geir Hjorthol til å skrive ein heilt spesiell tekst.
Scena er ein av desse kalde, klare vinterdagane. Under førjulspynten er biblioteket på Høgskulen i Volda (HVO) rigga for bokprat, omkransa av dei siste eksamenslesarane for semesteret.
Det skal «berre» vere ei lansering av ei vitskapleg utgiving, skal ein tru programmet for dagen. Men i det stille har nokon lagt andre planar med femte nummer av skriftserien Skriftkultur.
Nokon kjem til å taime
Bokredaktør og HVO-professor Stig J. Helset ønskjer velkommen, og taiming blir fort eit tema.
Den første av dei ni vitskaplege artiklane i Skriftkultur nr. 5 har nemleg HVO-professor Geir Hjorthol skrive om forfattar Jon Fosse. Men at Fosse skulle få nobelprisen i litteratur, blei først kjent då Skriftkultur allereie var i trykken.
I tillegg skjer denne boklanseringa på HVO samtidig som Fosse er i Stockholm for å ta imot nobelmedaljen, og no avslører redaktør Helset at fleire skal feire:
– Skriftkultur nr. 5 med tittelen «Nynorsk samtidslitteratur og skriftkultur» er eit festskrift til Geir Hjorthol.
– No blei eg teken på senga! Tusen takk, utbryt dagens mann.
Det er tydeleg at Geir Hjorthol (71), professor i nordisk litteratur ved HVO, ikkje visste kva kollegaene har pønska på lenge.
– Eg hadde absolutt ingen mistanke, men er svært takksam. Det er veldig kjekt å bli gjort stas på med ein slik antologi. Mange av bidragsytarane har eg kjent lenge, og fleire av dei har eg også hatt som studentar, noko eg synest er ekstra kjekt!
Godord frå kollegiet
Ein av Skriftkultur-bidragsytarane som Geir Hjorthol har lang fartstid saman med, er professor Jan Inge Sørbø. Han skjenkte elegante betraktningar om nynorsk skriftkultur og varm heider til kollega Hjorthol under lanseringa.
– Du har spelt ei stor rolle for norsk-miljøet her frå du blei tilsett som kollega av Jostein Fet i 1983, roste Sørbø.
Talande nok var det Hjorthol som bad om eit møte med Sørbø då rogalendingen og familien hans kom flyttande til bygda i 1989, midt på sommaren.
– Det var spørsmål om eg kunne ta nokre timar på norsk. Det blei min inngang i akademia, fortalde Sørbø, som i dag er ein nestor innanfor nynorsk skriftkultur.
Førsteamanuensis Anemari Neple, som er medredaktør for utgivinga, understreka at det har vore ei glede å jobbe med festskriftet til Geir Hjorthol.
– Du har vore ein uvurderleg ressurs for fagmiljøet her, og du har vore ein kollega som har vore veldig hyggjeleg å forhalde seg til. Alle som har vore knytte til vitskaplege miljø, veit at dette ikkje er noka sjølvfølgje, sa Neple, til humring frå salen.
Heldt på å røpe seg
Hovudredaktør Stig J. Helset vil også skryte av Hjorthol.
– Han har vore ein utruleg raus kollega opp gjennom. Han er alltid på tilbodssida for dei som er nye, og tek seg av dei. Det var eigentleg opplagt at han måtte få eit velfortent festskrift.
Det som ikkje var opplagt, var at Helset et al. skulle klare å halde temaet for festskriftet hemmeleg for hovudpersonen.
– Det var eit poeng for oss at han sjølv skulle vere med og bidra med ein artikkel, og då blei det mange ting å passe på. I siste runden med språkvask heldt det på å gå gale, for då stod tittelen «Festskrift til Geir Hjorthol» nedst i dokumentet alle fekk! Heldigvis oppdaga eg det og fekk forlaget til å ta det vekk i tide, smiler Helset.
Skriftserien Skriftkultur meiner redaktøren Helset er viktig av fleire grunnar, blant anna fordi HVO tilbyr ein mastergrad i skriftkulturar.
– Studium av skriftkultur har lange tradisjonar ved HVO, ikkje minst gjennom dei store arbeida til Jostein Fet og gjennom det tidlegare Ivar Aasen-instituttet, som også hadde ein skriftserie. Så då eg kom i posisjon til det, var det viktig for meg å reetablere ein skriftserie om skriftkultur generelt og nynorsk skriftkultur spesielt.
Det er mange grå i skjegget her. Er skriftkultur helst noko for gamle menn?
– Nei, det vil eg ikkje seie. Anemari Neple er medredaktør for denne utgåva, og ikkje minst er fleirtalet av bidragsytarane i dette og dei fleste nummera av Skriftkultur kvinner, til dels unge kvinner, parerer Helset.
Orda og tonane
Geir Hjorthol har hatt eit langt akademisk liv, krona med opprykk til professor i 2011, men er også utøvande trompetist. I artikkelen «Kontrapunkt: om litteraturens musikk i Jon Fosses Septologien 1» ser Hjorthol nettopp på kva musikaliteten i tekstane til Fosse inneber.
– Det er lett å peike på det rytmiske og repetitive, noko du ser med ein gong du gir deg i kast med Fosse. Eg prøver å grave litt djupare i det og sjå om repetisjonen går på meir grunnleggjande forhold enn berre setningsplanet: notid, fortid, framtid – ei flytande tid med ein slektskap til det vi har i musikken.
Hjorthol meiner skrivemåten til Fosse kan likne kontrapunktisk musikk.
– I ein fuge har du fleire melodiske stemmer som snakkar samtidig, og eg prøver å analysere fram dette nettverket av stemmer i Septologien 1. Eg hadde lenge hatt lyst til å skrive om Fosse, og dette var utruleg kjekt å jobbe med.
Seier det som Fosse
Sjølv om Hjorthol fylte sytti i fjor, ser han ikkje på festskriftet som eit vitskapleg punktum.
– Nei, eg syslar jo litt enno. Eg har nokre idear, og eg synest det er kjekt å ikkje leggje tastaturet heilt vekk.
Kvifor er det viktig å forske på skriftkultur?
– Språk er så sentralt i menneskelivet. Når vi snakkar om skriftkultur i denne samanhengen, snakkar vi også om nynorsken. For meg har nynorsken vore viktig heilt frå unge år. Det er så mange sider ved dette at eg ikkje kan svare kort, men når Jon Fosse seier han vil takke nynorsken for det han har fått til, så gjeld det på ein måte meg også, ler Hjorthol.