Open fagdag 6. juni: Nynorsk litteratur der ute – og heim igjen
Korleis har litteratur på mindretalsspråket nynorsk enda opp med å vinne internasjonale prisar? Og kvar går vegen vidare? Bli med og utforsk temaet på fagdagen ved høgskulen under Festspela.
Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda (HVO) og Nynorsk kultursentrum inviterer til fagdag på HVO under Festspela torsdag 6. juni. Arrangementet i BK161 er gratis og ope for alle interesserte å melde seg på.
- Les meir om påmelding, programmet og strøyming av arrangementet her.
Fjorårets tildeling av nobelprisen i litteratur til Jon Fosse har kveikt ny interesse for nynorsk litteratur. Å snakke om nynorsk litteratur i ein internasjonal samanheng er meir aktuelt enn nokon gong.
– Eg håpar fagdagen kan medverke til auka medvit både om nynorsk litteratur ute i verda og verdslitteratur i nynorsk omsetjing, seier konservator Stine Stennes Hovdenakk ved Nynorsk kultursentrum.
Ut i verda med nynorsk litteratur
Margit Walsø, direktør ved NORLA, Senter for norsk litteratur i utlandet, er ein av dei som skal halde innlegg under fagdagen. Ho vil fortelje om nynorsk litteratur i verda der ute og arbeidet med å spreie nynorske bøker og forfattarar til utlandet.
Verdslitteratur i nynorsk omsetjing
– Å gjere verdslitteraturen tilgjengeleg på nynorsk har alltid vore ein sentral del i bygginga av det nynorske språket og den nynorske skriftkulturen, seier konservator Fredrik Hope ved Nynorsk kultursentrum.
På fagdagen vil HVO-professor Marie Nedregotten Sørbø snakke om Jane Austen som døme på omsetjing av verdslitteratur i nynorsk skriftkultur. Les meir om virket til Marie Nedregotten Sørbø her.
Litteraturkritikar Sindre Hovdenakk vil ta føre seg arbeidet til Henrik Rytter, ein pioner som omsette mange viktige verk, mellom anna Shakespeare og Den guddomlege komedien, til nynorsk i perioden 1930–1950.
Ibsen på nynorsk og Vinje i verda
Då Ibsen-dramaet Peer Gynt vart sett opp på nynorsk for første gong i 1947, vekte det sterke reaksjonar. Men korleis var mottakinga då Jon Fosse gjendikta dramaet i nyare tid? John David Crosby, redaktør i tidsskriftet Mellom, kjem for å snakke om Fosse sine omsetjingar av Ibsen til nynorsk.
Under tittelen «Ein målmann dristar seg ut» – Aasmund Olavsson Vinje i verda vil Guy Puzey, førsteamanuensis ved Universitetet i Edinburgh, fortelje kva han oppdaga i studiet av Vinje sitt opphald i Storbritannia i 1862 og 1863.
Denne pressemeldinga var opphavleg publisert av Nynorsk kultursentrum.