Nye studentar: Sjå kvar og når du skal møte til studiestart
Studiestarten ved høgskulen er 17. og 18. august. Då skal nye studentar som tek til i førsteklasse møte i Volda. Her finn du oversikta over tidspunkt og møtestader.

Studiestart ved høgskulen er 17. og 18. august. Då skal nye studentar som tek til i førsteklasse møte i Volda. Her finn du oversikta over tidspunkt og møtestader.
Veit du ikkje kvar Berte Kanutte-huset er? Fortvil ikkje! Du kan klikke og få opp ei kartlenke på alle møtestadane. Vi kjem til å minne deg om tid og stad når det nærmar seg studiestart. Og hugs at du alltid kan finne nyttig informasjon og hjelp på studiestartportalen vår. Alle får denne informasjonen i e-læringsportalen Canvas når de har registrert dykk. Dette kan gjerast frå 1. august.
Oppmøteinformasjon nedanfor gjeld for førsteklassingar. Alle andre studentar finn oppstartsinformasjon i Canvas.
Oppmøte tysdag 17. august 2021
- Animasjon, bachelor
Ved hovudinngangen til Sivert Aarflot-huset, kl. 14.30–16.30
Ansvarleg: Kate Kartveit
- Barnehagelærarutdanning, bachelor, heiltid
Idrettssal, Idrettsbygget, kl. 11.45–13.45
Ansvarleg: Elisabeth Welle
- Design, kunst og handverk, bachelor og årsstudium
Henrik Kaarstad-huset rom 202, kl. 14.30–16.30
Ansvarleg: Janne Heggvoll
- Engelsk, årsstudium heiltid og deltid
Henrik Kaarstad-huset rom 202, kl. 11.45–13.45
Ansvarleg: Timothy Saunders
- Friluftsliv, årsstudium
Ved hovudinngangen til Sivert Aarflot-huset, kl. 11.45–13.45
Ansvarleg: Einar Løken og Tore Sørheim
- Friluftsliv og naturguide, bachelor
Ved hovudinngangen til Sivert Aarflot-huset, kl. 11.45–13.45
Ansvarleg: Einar Løken og Tore Sørheim
- Grunnskulelærarutdanning for 1.-7. trinn og 5.-10. trinn, master
Idrettssal, Idrettsbygget, kl. 14.30–16.30
Ansvarleg: Eivind P. Hanevik
- Historie, bachelor og årsstudium
Henrik Kaarstad-huset rom 202, kl. 09.00–11.00
Ansvarleg: Ola Teige
- Idrett og kroppsøving, bachelor og årsstudium
Ved hovudinngangen til Sivert Aarflot-huset, kl. 11.45–13.45
Ansvarleg: Einar Løken og Tore Sørheim
- Journalistikk, bachelor
Ved hovudinngangen til Sivert Aarflot-huset, kl. 14.30–16.30
Ansvarleg: Kate Kartveit
- Master in Media Practices
Ved hovudinngangen til Sivert Aarflot-huset, kl. 14.30–16.30
Ansvarleg: Kate Kartveit
- Medieproduksjon, bachelor
Ved hovudinngangen til Sivert Aarflot-huset, kl. 14.30–16.30
Ansvarleg: Kate Kartveit
- Musikk, bachelor og årsstudium
Konsertsalen, Henrik Kaarstad-huset, kl. 14.30–16.30
Ansvarleg: Svein Hunnes
- Norsk språk og samfunnskunnskap for internasjonale studentar (NIS)
Berte Kanutte-huset rom 161 (store auditorium), kl. 11.45–13.45
Ansvarleg: Hilde Osdal
- Planlegging og administrasjon, bachelor
Idrettssal, Idrettsbygget, kl. 09.00–11.00
Ansvarleg: Gro Anita Bårdseth
- PR, kommunikasjon og media, bachelor
Ved hovudinngangen til Sivert Aarflot-huset, kl. 14.30–16.30
Ansvarleg: Kate Kartveit
- Religion, livssyn og etikk, årsstudium
Berte Kanutte-huset rom 255, kl. 11.45-13.45
Ansvarleg: Bente Afset
- Samfunnsvitskap, årsstudium
Idrettssal, Idrettsbygget, kl. 09.00-11.00
Ansvarleg: Gro Anita Bårdseth
- Sosialt arbeid, barnevernspedagog, bachelor
Ved hovudinngangen til Sivert Aarflot-huset, kl. 09.00–11.00
Ansvarleg: Betina Haug Olsson
- Sosialt arbeid, sosionom, bachelor
Ved hovudinngangen til Sivert Aarflot-huset, kl. 09.00–11.00
Ansvarleg: Betina Haug Olsson
- Språk og litteratur, bachelor
Berte Kanutte-huset rom 161 (store auditorium), kl. 09.00–11.00
Ansvarleg: Anders Aanes
- Teater og drama, bachelor og årsstudium
Dramasaler, Henrik Kaarstad-huset, kl. 11.45–13.45
Ansvarleg: Wenche Torrisen
Oppmøte onsdag 18. august 2021
- Praktisk-pedagogisk utdanning, allmennfag heiltid kl. 09.15–15.00 (deltidsklassene møter 1. september).
Idrettsbygget, kl 09.15 - 15.00, Ansvarleg: Bjørnar Sæterås
PS! Er du ny student og finn ikkje studiet ditt i lista over? Finn studiet ditt her og sjå under "tidspunkt og oppmøte for samlingar" inne på nettsida for studiet ditt.
Vi tek atterhald for endringar i tidspunkt og planar grunna Korona-restriksjonar eller føringar frå styresmaktene.