Noregs første studenthumanist

Med Lone Ellingvåg Knutsen er Høgskulen i Volda første ute i landet med å ha ein studenthumanist. – Eg vil ikkje berre vere der for studenten, men heile mennesket, seier Knutsen.

Med Lone Ellingvåg Knutsen er Høgskulen i Volda første ute i landet med å ha ein studenthumanist. – Eg vil ikkje berre vere der for studenten, men heile mennesket, seier Knutsen.

Ho seier å ha fått den perfekte jobben, og i møte med Lone Ellingvåg Knutsen er det lett å tenke at ho også er den perfekte til jobben. Ein jobb ingen aldri før har hatt, men som Knutsen vil forme til å bli så viktig at den må vere der for alltid. I første omgang i eitt år, som eit samarbeid mellom Human-Etisk Forbund, Studentsamskipnaden i Volda og Høgskulen i Volda.

Tatt vare på

Lone har plassert seg sentralt i første etasje i Berte Kanutte-huset, vegg i vegg med Studentparlamentet. Ho vil vere tilgjengeleg. For alle, alle studentar som har noko på hjartet.

– Kva er du som studenthumanist?

– Ein person som det er lett for studentane å ta kontakt og snakke med. Eg vil at studentane i Volda skal føle at dei blir tatt vare på. Og då er det opp til kvar enkelt kva ein legg i det å bli tatt vare på, kva ein treng hjelp til og kva ein vil snakke om.

Meir enn studiekvardag

Knutsen har ein mastergrad i rådgivingsvitskap frå NTNU i Trondheim. Etter at ho var ferdig med den utdanning arbeidde ho som rettleiar for studentar ved NTNU. Ei erfaring ho no vil nyte veldig godt av. 

– Heilt klart, eg tek med meg mykje nyttig frå den jobben. Då var det ofte problematikk rundt studiekvardagen eg hjelpte studentane med. Det kunne vere studieteknikk, stresshandtering og døgnrytme til dømes.

Lone E Knutsen

Dette er ting ho seg for seg å kunne hjelpe til med i arbeidet som studenthumanist også – i tillegg til så mykje meir. – Eg vil ikkje berre vere der for studenten, men heile mennesket. Studielivet og skulen er viktig, men vel så viktig er personane og livet deira utanom skulen. Ein kan kome og snakke med meg om kva som helst, og eg har sjølvsagt teieplikt, fortel Knutsen.

Alle – uansett livssyn

Ho er lønna av Human-Etisk Forbund (HEF) i ei stilling som humanistisk livsveileder og prosjektet med studenthumanist har blitt til som eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda, Studentsamskipnaden i Volda (SiVolda), Studentparlamentet i Volda og HEF. Knutsen samanliknar si eiga rolle med at ein i Forsvaret har ein felthumanist eller ved sjukehus har ein sjukehusprest.

– Dei som ser på seg sjølv som livssynsnøytrale er i fleirtal i Noreg i dag. Eg er open om livssynet mitt, men alle kan kome til meg uansett livssyn. I krisesituasjonar er eg til dømes eit supplement og alternativ til presten, seier Knutsen.

Knutsen vil samarbeide tett med studentrådgivar ved SiVolda, Eli Anne Løksa. I tillegg har ho god dialog med studentparlamentet. – Det var avgjerande for meg at studentane ville ha meg her. Difor er eg svært glad for at studentparlamentet har tatt meg varmt imot.

Ingen «rette» svar

Tilgjengeleg vil vere eit viktig stikkord for studenthumanisten i Volda. Då er det også svært praktisk at ho arbeider i full stilling og vil vere på jobb kvar dag. Til det beste for studentane, som ikkje skal vere nøydt til å brenne inne med noko.

– Utgangspunktet mitt er at det finst gode svar, men det er ikkje noko som heiter rett svar. Vi er alle forskjellige og fint er det, seier Knutsen omtenksamt.

 

Studenthumanist Lone Ellingvåg Knutsen:
Rom: BK 155A, Møterom Studentparlamentet i 1. etg i Berte Kanutte-huset.
E-post: [email protected]
Telefon: 99 29 54 80
Facebook
Instagram

Del på: