Malawiprosjekt nytta prismidlar til bokutgjeving

I 2008 var førstelektor Odd Ragnar Hunnes og fagmiljøet knytt til prosjektet ”Capacity Building of Democracy – Malawi and Norway, 2006–2007” tildelt høgskulen sin pris for utdanningskvalitet 2008. No har prosjektet nytta midlane til å finansiere utgjevinga av eit av nummera av Malawi Journal of Education and Development, som er eit fagtidsskrift som vert utgjeve ved Universitet i Malwai.

Visedekan ved Faculty of Education, Dr. Samson MacJessie-Mbewe takkar Høgskulen i Volda for støtta, i ei tid der dei elles ikkje har hatt råd til å gje ut dette skriftet.

224934d9bbd253467f0b74182bbf2322dcc87e3d

Odd Ragnar Hunnes er førstelektor ved Avdeling for samfunnsfag og historie, og er ansvarleg for faget Skuleretta samfunnsfag. Prosjektet ”Capacity Building of Democracy – Malawi and Norway, 2006–2007” har vore eit partnarsamarbeid med Cancellor College, University of Malawi. Prosjektet vart avslutta i 2007 og har resultert i boka Learning Democracy med bidragsytarar frå høgskulen og Cancellor College. Boka er allereie ført opp som pensum i RLE-faget, og bidreg på ulike fagområde som statsvitskap, historie, sosiologi, pedagogikk, lingvistikk og religionsvitskap.


Du kan lese meir om boka Learning Democracy her.

Fleire av dei som skriv i journalen og dei som har vore med i prosjektet. Prosjektleiar Odd Ragnar Hunnes har eit artikkel, Partnership South North der oppsummerer erfaringar frå prosjektet, som gjekk føre seg frå 2006-2007.

Les eiga sak: Pris for kvalitet i utdanninga 2008

Sjå nettside til Universitetet i Malawida50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b

Del på: