Koronatesting på Volda ungdomsskule
For å gjere koronatesting meir tilgjengeleg blant anna for studentar i Volda, vil det framover vere mogleg å ta testen på Volda ungdomsskule.

For å gjere koronatesting meir tilgjengeleg blant anna for studentar i Volda, vil det framover vere mogleg å ta testen på Volda ungdomsskule.
I samarbeid med personell frå teststasjonen for Ørsta og Volda kommune, vil det verte tilbod om å ta koronatest ved Volda ungdomsskule i tida framover.
Dette tilbodet er spesielt retta til folk i Volda som har utfordringar med å kome seg til teststasjonen i Hovdebygda.
- Les også: Volda kommune sine råd for vinterferien
Alle med symptom, nærkontakter, samt dei som er tilreisande frå områder med høgt smittetrykk vil bli testa.
Teststad: Volda ungdomsskule, gymsal 1.
Viktig informasjon om testinga:
- Bestill time på førehand. Dette kan ein gjere på koronatelefonen til Ørsta og Volda kommune (tlf. 700 58 960).
- Møt opp så presist som mogleg, for å unngå at det vert unødig kø.
- Hald minst 2 meters avstand til andre.
- Bruk munnbind dersom du har luftvegssymptom eller kjenner deg sjuk på anna vis.
- Gå rett inn og rett ut av området for teststasjonen.
Testresultat:
Svaret kan ein finne på helsenorge, eller ved å ringe koronatelefonen i opningstida. Ein
kan rekne med å få svaret på koronatesten i løpet av 2 dagar.
Meir informasjon om koronatestar kan du finne på:
https://www.volda.kommune.no/beredskap/
https://www.fhi.no/

23 studentar nytta høvet til å ta ein koronatest på Høgskulen i Volda torsdag 7. januar.