Koronameteren vert oppheva i klasseromma
Kravet om å halde ein meters avstand i undervisningsromma ved høgskulen fell no bort, og så snart det praktisk let seg gjennomføre vil romma møblerast om og digitale undervisningstimar vert fysiske.

Kravet om å halde ein meters avstand i undervisningsromma ved høgskulen fell no bort, og så snart det praktisk let seg gjennomføre vil romma møblerast om og digitale undervisningstimar vert fysiske.
Nye, nasjonale retningslinjer for Covid-19 skal gjelde ved Høgskulen i Volda. Det har kriseleiinga vedteke ved HVO vedteke måndag. Då regjeringa la fram ei utsetting av gjenopning fredag, presenterte dei også unntaket om at «meteren» ikkje lenger gjeld i undervisningssamanheng.
Det var fredag den 13. august helseminister Bent Høie kom med det han kalla «en god nyhet til studentene», og fjerna avstandskravet i undervisninga.
Dette har kriseleiinga ved Høgskulen i Volda vedteke å etterkome.
Hugs: Avstandskravet gjeld utanfor undervisningsroma!
– Ei viktig presisering er at meterkravet framleis gjeld så lenge vi ikkje er i undervisningsamanheng, presiserer rektor Johann Roppen. – For fadderveke, kantine og i privat samanheng gjeld framleis meterkravet, minnar han om.
Elles skal undervisninga ved Høgskulen i Volda no attende til det som var normalen før Covid-19-restriksjonane i 2020. Kriseleiinga har vedteke å fylgje dei nasjonale retningslinjene der det altså fredag 13. august vart gitt unntak for avstandskrav i undervisningssamanheng. Tysdag 16. august startar dei første studentane opp ved HVO.
Ommøblering og nye timeplanar må på plass
– Vi treng litt tid på å gå attende til normalen, og bed om forståing for at det no vil kome endringar på kort varsel. I samråd med avdelingane skal vi møblere om og fjerne merking i undervisningsromma, samt få den nye timeplanen til å gå opp med fysisk undervisning. Vi bed alle om å følgje ekstra godt med i Canvas framover, seier rektoren.

Han minner også om at det vert sette opp teststasjon på høgskuleområdet i samband med semesteropninga.
– Vi er glade for at vi får gå attende til normalen i undervisningssamanheng og det positive det fører med seg for læringsutbytte og -miljø. Samstundes må vi ta godt vare på denne moglegheita, og vere ekstra påpasselege. Vi skal sjølvsagt fylgje alt av smittevernstiltak elles. Vi oppmodar studentar til å teste seg, vaske hendene, og sjølvsagt halde avstand utanfor undervisningsromma.
Les også: Covid-19-informasjon i samband med studiestart