Jublar for rekordtildeling frå Erasmus+

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Høgskulen i Volda har fått ei rekordstor tildeling frå EU-programmet Erasmus+ i 2024: heile 4,5 millionar kroner til stipend for studentar og tilsette. Den store tildelinga kjem av ein kraftig auke i midlar til mobilitet utanfor Europa.

Høgskulen i Volda (HVO) deltek  svært aktiv i det europeiske utdanningsprogrammet Erasmus+. Kvart år søkjer HVO om stipendmidlar for inn- og utreisande utveksling med partnaruniversitet i utlandet.

Etter koronapandemien og ein periode prega av dyrtid har interessa for utveksling i Europa og med stipend gjennom Erasmus+ auka kraftig. Difor er det ekstra gledeleg at HVO no har fått rekordmykje midlar i årets tildeling.

  • Les meir om internasjonalisering ved HVO her.

Erasmus+ i og utanfor Europa

Erasmus+-programmet skil mellom mobilitet i Europa (KA 131) og mobilitet utanfor Europa (KA171). Det er spesielt midlar til utveksling utanfor Europa som har auka kraftig i den siste tildelinga, der HVO får støtte til utveksling med partnaruniversitet i Ghana, India, Moldova, Ukraina og USA.

Iulia Beleuta
Iulia Beleuta, rådgjevar ved Internasjonalt kontor på HVO.

Størstedelen av midlane skal gå til innreisande studentar frå desse landa, men for USA finst det også to stipend til utreisande HVO-studentar.

Rådgjevar Iulia Beleuta ved Internasjonalt kontor på HVO er koordinator for Erasmus+-mobilitet utanfor Europa. Ho er strålande fornøgd med årets tildeling.

– Vi har fått den sjette største tildelinga av midlar gjennom Erasmus+ KA171 i Noreg i år, og vi fekk tilslag på alle land vi har søkt til, jublar Beleuta, og føyer til:

– Det betyr at vi har lykkast i samarbeidet med partnaruniversiteta våre om å utvikle prosjekt og levere gode søknader.

Sikrar at Volda får studentar frå heile verda

Andre institusjonar som NTNU, Universitet i Bergen og Universitetet i Stavanger får også store midlar frå Erasmus+ KA171, men HVO utmerkjer seg som ein av få mindre høgskular som trekkjer til seg store beløp.

– Stipendmidlane vi får tildelt, gjer at vi kan gi stipend til om lag 25 internasjonale studentar frå utanfor Europa. Dette er spesielt viktig etter at regjeringa har innført skulepengar for studentar utanfor EU, noko som vil føre til færre internasjonale studentar ved norske universitet og høgskular. Denne tildelinga er med på å sikre at vi har studentar frå heile verda også i tida som kjem, utdjupar Beleuta.

Internasjonal dag ved Høgskulen i Volda i 2023.
Internasjonal dag ved Høgskulen i Volda i 2023.

Stipend til tilsette

I tillegg til studentutveksling inneheld tildelinga også moglegheiter for Erasmus+-stipend for tilsette. Dette gjeld både for tilsettmobilitet innanfor Europa og til dei utvalde landa utanfor Europa som HVO har fått midlar til. I eit normalår er det om lag 30–40 HVO-tilsette som får Erasmus+-stipend for reiser i og utanfor Europa.

– Erasmus+-stipend for tilsette blir tildelt fortløpande etter søknad, og vi har lagt oss på ei så ubyråkratisk løysing som mogleg: Tilsette som er interesserte i Erasmus+-stipend, treng berre sende ein e-post til oss for å få i gang dialogen, seier seniorrådgjevar Arne Humberset ved Internasjonalt kontor.

Erasmus+ er av strategisk verdi

Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim rosar det gode arbeidet ved Internasjonalt kontor på høgskulen og viser til at Erasmus+-programmet har ein vesentleg plass i HVO sin internasjonale strategi:

– Gjennom aktiv utnytting av Erasmus+-programmet kan HVO nå ut i den globale delinga og produksjonen av kunnskap. Dei internasjonale samarbeida våre er med på å løfte kvaliteten på utdanningane våre og sikre at vi får inn impulsar frå omverda. Denne rekordtildelinga er i så måte svært gode nyheiter – og noko vi no må utnytte til det fulle.


Del på