Jublar for 360 nye studieplassar

Tekst: Karl August Swanstrøm , Foto: Karl August Swanstrøm

- Oppdatert

Volda vert einaste i landet som tilbyr vidareutdanning for lærarar i Kroppsøving 1-10 gjennom KFK-ordninga. Også den populære Kunst og handverk-utdanninga fekk fornya tillit frå Udir då desse studieplassane vart fordelt til høgskular og universitet landet over.

– Dette er så stas! Eg er stolt av fagmiljøet som synleggjer kva dei tilbyr og kva ressursar som fins her ved Høgskulen i Volda, seier prosjektleiar på Avdeling for kulturfag (AKF), Mari Lome. Avdelinga ho jobbar for fekk 140 av dei 360 studieplassane som er ein del av etter- og vidareutdanningsprogrammet Kunnskap for kvalitet (KFK) til Utdanningsdirektoratet (Udir).
- Vi fekk tildeling i alle faga vi søkte på. Det er heilt fantastisk og vel fortent, seier Lome.

Rekord i antall plassar for vidareutdanning

I tillegg til studieprogram innan praktisk- estetiske fag har Høgskulen i Volda også fått 150 plassar i Programmering fordelt mellom 1-7 trinn, 5-10 trinn og for 8-13 trinn, og 70 plassar på Spesialpedagogikk 1-10 trinn.

– Aldri har vi hatt så mange plassar innanfor vidareutdanning av lærarar og barnehagelærarar. I 2023 har vi 695 KFK plassar fordelt på 17 tilbod. Tildelingane er svært gledeleg for HVO. Samarbeid og partnerskap med praksisfeltet gjennom tilskotsordningane og vidareutdanningane gir oss viktig røyndom og erfaring. Dette doble formålet trur vi er med på å betre lærarutdanningane og fagmiljø på høgskulen, seier Ole Frank Bakken som fullroser fagmiljøa for arbeidet i søknadsprosessen.

Målet med studietilboda gjennom KFK-ordninga er å auke elevane si læring og motivasjon i grunnopplæringa gjennom å styrke lærarane og rektorane si kompetanse. Studentar som søkjer ordninga får støtte frå Udir til å gjennomføre utdanninga.

Rekordpopulært Kunst og handverk

Kunst og handverk har lyst ut vidareutdanning til lærarar gjennom KFK i fleire år. I år vart det rekordmange søkjarar.

– Vi ser tildelinga som eit klart signal om at Udir ynskjer å priorietere Kunst og handverk i grunnskulen i åra framover, og då er vi klare til å tilby lærarane i skulen gode undervisingsopplegg der praktisk skapande arbeid står i fokus, seier ein svært nøgd studieprogramleiar Janne Heggvoll ved Institutt for Design, kunst og handverk.

Søknaden som no har fått tildelt 35 nye plassar frå neste haust er ei vidareutvikling av emna «Trearbeid i framtidsskulen» og «Teikninga lever!». Dei to emna gir grunnkompetanse i undervisingsfaget kunst og handverk med vekt på kjerneelementa (handverksferdigheiter, kunst og designprosessar, visuell kommunikasjon og kulturforståing). Studentane får erfare og diskutere korleis ein kan tilpasse kunst- og handverksfaglege verkstadsituasjoner til ulike elevar og elevgruppar.

- Styrking av musikk i skulen

Musikk har fått tildelt 35 heilt nye studieplassar. Studentane skal fordjupe seg i leiing og tilrettelegging av praktiske aktivitetar der målet er å gje ein solid musikalsk kunnskapsbase gjennom inkluderande og tilpassa opplæring, og på denne måten auke elevane si interesse, meistring og glede i musikk i emnet «Oppleving, utøving og skaping i musikkfaget». I emnet «Musikk som fokusfag i skapande og tverrfagleg arbeid» skal studentane bygge vidare på desse kunnskapane og prøve ut faglege tilnærmingar og metode, utvikle djubdekunnskap og sjå samanhengar både i musikkfaget og på tvers av fag.

– Eg er svært glad for at musikkmiljøet her i Volda får denne moglegheita til å bidra til ei styrking av musikkfaget i skulen, og vi gleder oss til å utvikle dette spennande nye studiet, seier ei strålande blid instituttleiar for musikk, Elizabeth Oltedal.

Einaste staden i landet med KFK-tilbod i Kroppsøving 1-10

– Vi har eit sterkt fagmiljø med gode formidlarar, så eg er sikker på at dei lærarane som kjem til oss vil få svært godt utbytte. Volda blir einaste staden i landet som tilbyr KFK i Kroppsøving for 1-10 trinn, så for dei på barnetrinnet er det jo eit lett val. Så skal vi også ivareta dei på mellom- og ungdomstrinnet på ein særs god måte. Dei nye elementa i læreplanen står sentralt i opplegget vi har snekra, og vi skal hjelpe lærarane å få dette ut i skulekvardagen. I tillegg får dei fagleg forfrisking og mykje god erfaringsdeling - her har jo alle mykje verdifullt å bidra med, sier ein svært glad studieprogramleiar i Kroppsøving, Tore Sørheim.

I emnet «Kroppsøving i skulen» skal studentane reflektere rundt, og få eigne erfaringar gjennom å øve, skape og utrykke seg i tråd med fagfornyinga. Dette skjer til dømes gjennom leik og spel, symjeopplæring, livberging, naturopplevingar, bruk av kart og kompass, og liknande. Symjeopplæring står sentralt, og studentane vil få moglegheit til å ta utandørs og innandørs livsbergingsprøve. «Bevegelsesglede i kroppsøving» er det andre emnet i programmet. Studentane skal lære å legge til rette med utgangspunkt i elevane sine eigne føresetnader, til dømes vil dette vere samspel, progresjon i læring av idrett, bruk av nærmiljø og kroppsidentidet.

- Difor skal dei velje Volda

- Felles for alle tre fagområda er at vi ved Høgskulen i Volda har lang erfaring i å utdanne lærarar i dei praktisk-estetiske faga, seier prosjektleiar Lome. - Kombinasjonen lang praktisk erfaring innan faga, og omfattande utviklings- og forskingsverksemd gjer fagmiljøet godt rusta til å tilby desse seks emna frå hausten 2023 og i to år framover.

Lærarane som vel Volda og KFK i praktisk estetiske fag vil bli møtt med nyrenoverte verkstadar med mellom anna sløydsal, tekstil og leireverkstad og topp moderne skaparverkstad med 3d-print, teiknebrett og oppgradert digital programvare.

– Vi har erfart at gode undervisingsopplegg med praktisk skapande arbeid i verkstadane er spesielt verdsett blant lærarane ute i skulen. Dette er vi veldig glade for å få moglegheita til å tilby i årene framover også, seier Heggvoll.

Musikklærarane kan boltre seg med bandrom, konsertsal og musikk-lab for notasjon og lydproduksjon. Vidare har vi gode fasilitetar med utandørs treningsbaner, treningsrom og test-laboratorium. Idrettshallen er godt utrusta og rigga for bruk av digitalt verktøy i undervisning og aktivitet. Vi disponerer egen base for kystfriluftsliv på Yksnøya, med høve for overnatting, sanking, fangst og fiske, og bruk av både seil- og robåtar. Så er sjølvsagt den storslåtte sunnmørsnaturen rett utanfor døra, perfekt for uteaktivitet i alle fag.

Mari Lome skjenker alkoholfri musserande
Dei tilsette på Avdeling for kulturfag feira med alkoholfrie bobler og sveler etter å ha fått gladnyheita fra Udir.

Tags

Del på