HVO satsar på KI – lanserer KI-Chat
Høgskulen satsar på kunstig intelligens (KI) og har inngått avtale med SIKT om KI-chat for tilsette og studentar.

Skjermdump av KI-chat
Høgskulen satsar på kunstig intelligens (KI) og har inngått avtale med SIKT om KI-chat for tilsette og studentar.
– Den nye KI-chaten er basert på OpenAI sine GPT-modellar, som er lik dei som er nytta i ChatGPT. Vi har tilgang til både GPT 3,5 og GPT4, som er dei nyaste modellane frå OpenAI, fortel Sindre Slettedal Sandbakk ved Læringsverkstaden.
Tenesten er trygg å bruke med omsyn til personvern, då all kommunikasjon vert anonymisert. Det er viktig at ein aldri legg inn personopplysningar i samtalar med chatboten. Tenesten er godkjent for inntil gule data. Alle tilsette og studentar kan logge inn i tenesten ved å gå til chat.hivolda.no (eller ki-chat.sikt.no) og bruke Feide-innlogging
SIKT er tenesteleverandør for teknologi og digitalisering i kunnskapssektoren. Les meir
Tilbod om opplæring
29. januar er det Digital lunsj: Kom i gang med KI-chat i undervisninga. Det er eit tilbod til dei som ønskjer å kome i gang med å bruke dette i arbeid og undervisning.
Meir info her,