Historie-ekskursjon: Fekk oppleve livmora som fødde kyrkja i Noreg

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Både norske og internasjonale historiestudentar ved høgskulen fekk nyleg sjå samanhengen mellom landskap og historie – i fjern og nær fortid – i vakre og spektakulære omgjevnadar.  

Øya Selja og Stadlandet var målet for ekskursjonen ti studentar vart tekne med på av Historisk institutt. Av dei ti studentane som deltok var seks internasjonale studentar, frå mellom anna Japan, Nederland og Ukraina. Desse tek emnet HI150 Norway in the World, 800-2000. For dei norske studentane var dette ein del av årsstudium eller bachelorstudiet i historie, der dei i dette semesteret tek emna HI111 Norsk og internasjonal oversynshistorie ca. 300-1536 og HI112 Norsk og internasjonal oversynshistorie 1536-1870.

På heilt spesiell historisk grunn

Skodda låg tyngande over fjord og fjell då studentar og faglærarane Harald J. Krøvel og Inger Marie Okkenhaug køyrde sørover på morgonen. Men på veg ned Mannseidet sprakk skydekket opp, og tettstaden Selje låg med eitt opplyst i sol og med blå himmel i bakgrunnen.

Overordna tema for ekskursjonen var kulturmøte mellom Noreg og Europa, med vekt på kristninga og andre verdskrigen. Sjølve høgdepunktet var båtturen til øya Selja, med heilagstaden og klosteret knytt til legenda om St. Sunniva og Seljumennene.

Dette er ein av dei viktigaste stadane i den eldste historia til kyrkja og kristendommen i Noreg. Nede på sletta vest på øya ligg klosterruinane frå mellomalderen, med utsikt rett ut i havgapet. Herifrå gjekk turen opp dei bratte trappene til sjølve heilagdommen, Sunnivahola eller Salen, der St. Sunniva og Seljumennene etter legenda lét livet.

Denne hola var i røynda første kyrkja på staden, og somme har kalla ho livmora som fødde kyrkja i Noreg. Ei rekkje trekk – både byggeskikk, dedikasjon av klosterkyrkja til den engelske helgenen Albanus og ikkje minst sjølve Sunnivalegenda – peikar vestover mot dei britiske øyane når det gjeld opphavet til denne kristne heilagstaden.

Selja vart i 1068 det første bispesetet på Vestlandet. I hundre år, fram til 1170, då relikvieskrinet med leivningane etter Sunniva vart overført til Bergen, sat biskopen for Vestlandet på øya.

Nydeleg mat i historisk kontekst

Dekanen ved ASH, Jorunn Sem Fure, serverte god ertesuppe og lokale lefser til slitne studentar og lærarar i det tidlegare pensjonatet Ferdaheimen på Leikanger på Stadlandet.

Historie-studentar frå Volda på Ekskursjon til Selja og Stadlandet

Deretter gjekk turen til Olavskrossen på Dragseidet, der Olav Tryggvason etter soga skal ha kristna både sogningar, fjordingar, sunnmøringar og romsdalingar i året 997. Her fekk studentane utdjupa historia om kristninga av Vestlandet, med vekt på samanhengen mellom religionsskifte og rikssamling.

Gripande inntrykk frå andre verdskrig

I den opne og grøderike bygda Ervika på Stadlandet utspelte det seg mange dramatiske hendingar under andre verdskrig. Den dagen historiestudentane besøkte bygda var det godt med vind, og ei rekkje surfarar testa bølgene.

Frå kyrkjegarden ved den kritkvite stranda kunne ein sjå bort på skjera der hurtigruteskipet St. Svithun gjekk ned etter å ha vorte skote i senk av allierte fly under krigen.

Historie-studentar frå Volda på Ekskursjon til Selja og Stadlandet
Dekan Jorunn Sem Fure snakker til studentene ved kyrkjegarden i Ervika.

På eit høgdedrag i sørvest – Hovden – bygde tyskarane eit festningsanlegg med seks kanonbatteri. Anlegget var ein del av Festung Norwegen og Atlanterhavsvollen, der den sistnemnde skulle strekkje seg frå Nordishavet til Pyreneane. Kring 100 tyskarar var stasjonerte i den vesle bygda, i tillegg til om lag like mange russiske krigsfangar, som vart nytta til arbeidskraft på anlegget. 20-30 russarar lét livet her, under umenneskelege livs- og arbeidsvilkår. Studentane og faglærarane rusla opp på Hovden og såg leivningane etter det tyske militære nærværet.

Ekskursjonen vart avslutta oppe på sjølve Kjerringa – eit velkjend fjell ytst på Stadlandet – der det overraskande nok var vindstille. Utsikta utover eit Stadhav bada i sol løfta alle deltakarane før heimreisa til Volda.

Del på