Her er det nye Studentparlamentet
Resultatet frå årets val til Studentparlamentet er klart! Etter rekordmange 34 nominasjonar har studentane i Volda stemt fram sine kandidatar frå dei ulike avdelingane som skal representere dei i Studentparlamentet.

Øvst frå venstre og mot høgre: Andrine Kompen, Robert Kim Hoang, Håvard Sætre Øvrebø, Leander Prag Strømme, Ayoub El Azzaoui, Henriette Nordheim, Monira Adam, Jenny Nystad, Rikke Jenny Pettersen, Vidvuds Karlis Sulcs og Abdikani Amin.
Resultatet frå årets val til Studentparlamentet er klart! Etter rekordmange 34 nominasjonar har studentane i Volda stemt fram sine kandidatar frå dei ulike avdelingane som skal representere dei i Studentparlamentet.
Studentparlamentet har 11 faste medlemmar og 11 varaer, det er desse som no er nyvalde. I tillegg til arbeidsutvalet på 5 studentar som styrer den daglege drifta.
Her er dei nye medlemmane:
Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning (AHL): Andrine Kompen og Robert Kim Hoang. Vara: Kristina Mari Roald og Severine Eidem.
Avdeling for kulturfag (AKF): Håvard Sætre Øvrebø og Leander Prag Strømme. Vara: Jon Kristian Simonsen og Calvian Thomas Berget
Avdeling for mediefag (AMF): Ayoub El Azzaoui og Henriette Nordheim. Vara: Gwendolyn Wordenweber og Stian Woo Andersson
Avdeling for samfunnsfag og historie (ASH): Monira Adam og Jenny Nystad. Vara: Ingrid Wikdahl og Linnea Sundquist
Frie representantar (utjamningsmandat): Rikke Jenny Pettersen (AHL), Vidvuds Karlis Sulcs (AHL) og Abdikani Amin (ASH). Vara: Ida Vaage Brådalen (AHL), Rakin Absar Arnob (AMF), Hermand Olsen Johanessen (ASH).
– Ganske godt
Sjølv om valdeltakinga ikkje er heilt på høgde med det som er tidlegare så er der nokre positive trekk å hente frå valet.
– Prosentvis så peikar Avdeling for mediefag seg sterkt ut, der over 12 prosent av studentane ga si stemme. Det er ganske godt uavhengig av om det er her i Volda eller ved andre studiestadar i landet.
Framover skal Studentparlamentet halde eit oppstartsseminar for dei nyvalde, slik at dei er førebudd på dei komande parlamentsmøta. Dette inneber korleis Studentparlamentet arbeider for ein betre studiekvardag lokalt så vel som nasjonalt, med besøk frå ulike studentorganisasjonar og samarbeidspartar. Samt at dette gir dei nyvalde moglegheita til å verte betre kjende med kvarandre.
Ønsker høgare deltaking
Leiar for Studentparlamentet, Trond-Fredrik Hoddevik, er nøgd med årets val, men skulle gjerne sett ei høgare valdeltaking.
– Vi opplever at studentane dessverre har for lite kjennskap til kva Studentparlamentet er og kvifor det er eit gode for studentane og studentvelferda. Likevel så viser nominasjonane at interessa ikkje er blitt mindre, men heller at vi kanskje må tenke nytt om korleis vi når ut til studentane og får dei til å bruke stemma si.