Gode tilbakemeldingar på kulturfagsatsinga
- Høgskulen i Volda har bevisst satsa på kulturfag. Kulturfaga er ein viktig del av norsk skule og samfunnslivet elles, og Volda er nesten åleine om å jobbe i denne retninga, kommenterte delegasjonen frå kunnskapsdepartementet etter ein eigen presentasjon av kultursatsinga ved høgskulen.
Kunnskapsminister Kristin Halvorsen. Foto: Olav Thokle
– Med oppretting av Senter for kulturproduksjon, SEANSE og høg aktivitet ved landets einaste Avdeling for kulturfag viser Høgskulen i Volda at dei tek viktige utfordringane for kulturlivet på alvor, kommenterte kunnskapsminister Kristin Halvorsen då delegasjonen tysdag denne veka fekk ein grundig presentasjon og eit møte med tilsette både i SEANSE og ved Avdeling for kulturfag.
– Statsråden uttrykte at ho var imponert over satsinga ved høgskulen og sa at SEANSE var interessant for Kunnskapsdepartementet, fortalde dekan Aud Folkestad ved Avdeling for kulturfag etter møtet.
– Dei bad om meir informasjon og lova å vurdere SEANSE-prosjektet med tanke på økonomisk støtte.
Kunnskapsminister Kristin Halvorsen sa også at situasjonen for dei estetiske faga vart vurdert i Kunnskapsdepartementet, og at ein var klar for utfordringane desse står ovanfor mellom anna i skulen.
Marit Ulvund ved Avdeling for kulturfag og ein av initiativtakarane bak SEANSE. Foto: Britt Ølnes.
Les fleire saker om Avdeling for kulturfag:
Statsråden imponert over suksess over satsinga på kulturfag
I strålande solskin fekk kulturminister Anniken Huitfeldt høyre om mellom anna Volda si satsing på kulturfag, og auken i søkjartala dette har gitt for Avdeling for kulturfag. Les meir
Opptaket: - Satsinga på kulturfag har lønt seg
Søkjartala til Høgskulen i Volda viser ein samla oppgang. - Vi har 1350 søkjarar i lokalt opptak, til masterutdanningar, deltidsutdanningar, nettverkorganiserte utdanningar. Dette er ein auke på over 10% i forhold til 2009, kommenterer rektor Jørgen Amdam. Les meir