Første bachelorprogram på nett godkjent
Historisk institutt ved Høgskulen i Volda med ny milepæl i satsinga på nettstudium. – Vi må tilby studieløp som kan passe flest mogleg, seier ein nøgd programansvarleg, førsteamanuensis Ola Teige.

Historisk institutt ved Høgskulen i Volda med ny milepæl i satsinga på nettstudium. – Vi må tilby studieløp som kan passe flest mogleg, seier ein nøgd førsteamanuensis, Ola Teige.
Historisk institutt ved Høgskulen i Volda har lang tradisjon for satsing på nettstudium. Det var likevel

ein ny milepæl som vart nådd då styret ved HVO godkjente nytt nettbasert bachelorprogram i historie denne veka.
– Tidlegare har vi hatt emne på nett, men dette er første heile programmet som er nettbasert, forklarar førsteamanuensis Ola Teige. Han er strålande nøgd med vedtaket: - No kan vi legge til rette for at fleire kan ta eksamen, uavhengig av om dei er fulltidsstudentar og møter til undervisning her i Volda, eller om dei har ein livssituasjon som gjer at studia best kan verte gjennomført på nett. Vi ønskjer å tilby studieløp som passar flest mogleg, seier Teige.
Ingen samlingar
Eit av tiltaka for å tilby studium som kan passe alle livssituasjonar, er å tilby nettemne utan samlingar. Det nye bachelorprogrammet i historie er lagt opp slik. – Dermed kan fleire studere ved sidan av jobb, seier Teige.
Han fortel at studentane må møte i Volda til to munnlege eksamenar i løpet av studiet, den eine i samband med den avsluttande oppgåva. – Elles skjer alt på nett!
Studentane jobbar med ei prosessoppgåve gjennom heile semesteret, med omgripande og personleg rettleiing undervegs. Dette kan du også gjere på heiltid.
- Studiet er delt i fire grunnemner, om historia frå dei eldste tider fram til i dag, fleire fordjupingsemne og sjølve bacheloroppgåva. Dessutan kan emne frå andre fag eller som er tatt andre stadar innpassast i graden, oppsummerer Teige.
I stadig utvikling med eige studio
Høgskulen jobbar for å vere oppdaterte og i forkant på utstyrsida. Ei av nyvinningane for å vere i noregstoppen, er mellom anna eit nytt studio HVO har sett opp for å lage videoar spesielt til nettstudentane.
At Volda har lang historie (!) med nettstudium, meiner Teige også er ein klar fordel. – Dette har vi gått i bresjen for lenge, og det nye programmet vil gjere at vi held fram med å utvikle oss og finpusse opplegget for nettstudentar.
- At vi kan uteksaminere fleire kandidatar er også eit pluss. Så vi oppmodar sjølvsagt alle som vurderer historieutdanning om å sjå til Høgskulen i Volda!
