Førehandsrøysting til kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019
Torsdag 29. august vert det ved Høgskulen i Volda høve til å førehandsrøyste til kommunestyre- og fylkestingsvalet. Det vil gå føre seg i vrimlearealet i 1. etasje i Berte Kanutte-huset kl. 10.00-15.00.

Alle studentar og tilsette, uansett kva kommune i landet ein har folkeregistrert adresse, kan førehandsrøyste denne dagen.
Har du ikkje moglegheit til å førehandsrøyste denne dagen, er det ikkje for seint.
Det er mottak av førehandsrøyster på servicekontoret på rådhuset i Volda t.o.m. 6. september i følgande tidsrom:
26. august t.o.m. 6. september måndag - fredag kl. 08.30-15.30
Servicekontoret på rådhuset har utvida opningstid:
torsdag 29.08, måndag 02.09, tysdag 03.09, onsdag 04.09 og torsdag 05.09 med langope til kl. 18.00. I tillegg laurdag 31.08 frå kl. 11.00-14.00.
Hugs gyldig legitimasjon og ta gjerne med valkortet.