Fagdag: Oppfølgingsarbeid i Nav -Sosialt arbeid i NAV-kontor
«Oppfølgingsarbeid i Nav – sosialt arbeid i Nav-kontor» var tema då Institutt for sosialfag inviterte til open fagdag. Dagen var særleg meint for studentar i sosionomutdanning og for tilsette i praksisfeltet, men open for alle som ønska å lære meir om temaet.

Institutt for sosialfag arrangerte fagdag med tema «Oppfølgingsarbeid i Nav – sosialt arbeid i Nav-kontor». På bildet frå venstre: Hanne Glemmestad (førelesar), Mette-Lin Stokke Øyre (NAV Ørsta/Volda), Yuliya Aam (sosionomstudent), Jahn Christer Humberset Nærbøvik (Furene A/S), Gerd Skjong (arrangør). Foto: Lene Hovde/HVO.
«Oppfølgingsarbeid i Nav – sosialt arbeid i Nav-kontor» var tema då Institutt for sosialfag inviterte til open fagdag. Dagen var særleg meint for studentar i sosionomutdanning og for tilsette i praksisfeltet, men open for alle som ønska å lære meir om temaet.
Hanne Glemmestad var leigd inn til fagdagen. Ho er sosionom med mastergrad i velferdspolitikk, og ga i 2021 ut bok med same tema.
Mellom dei mange oppgåver som skal ivaretakast ved eit Nav-kontor, er det å drive relasjonelt arbeidsretta oppfølgingsarbeid mellom dei viktigaste. Å medverke til at alle som kan og vil, får høve til å delta i arbeidslivet på eigne premissar, har alltid vore ein del av sosialt arbeids mandat.
Glemmestad er opptatt av korleis sosialfagleg kunnskap kan ramme inn det faglege arbeidet som Nav-veiledaren gjer. Ho ser nærare på korleis sosialt arbeids teorigrunnlag og metode kan bidra til ei heilskapleg og systemisk problemforståing i oppfølgingsarbeidet og i møte med brukarar, arbeidsgjevarar og samarbeidspartnarar.
- Lurer du på meir om praksis i sosialfaga?
Her kan du som skal ut i praksis eller ta imot ein praksisstudent lese meir om dette.
- Har du lyst til å studere helse- eller sosialfag?
Her kan du sjå alle studietilboda vi har innan sosialt arbeid ved Høgskulen i Volda.