Design di eiga utdanning i naturfag
Vil du bli naturfaglærar eller forstå betre korleis verda og naturen heng saman? No startar eit splitter nytt, fleksibelt studium i naturfag ved Høgskulen i Volda.

Førsteamanuensis Øyvind Høydal (t.v.) registrerer heftig hjerneaktivitet hjå kollega Jan Håkon Vikane, som observerer medan førsteamanuensis Carlos David Magnusson (t.h.) skaper ein kjemisk reaksjon.
Vil du bli naturfaglærar eller forstå betre korleis verda og naturen heng saman? No startar eit splitter nytt, fleksibelt studium i naturfag ved Høgskulen i Volda.
Gjennom eit nett- og samlingsbasert studium, Naturfag 8.-13. trinn, kan ein no ta 60 studiepoeng i naturfag på særs fleksibelt vis ved Høgskulen i Volda.
– Der det tidlegare har vore stram rekkjefølgje på korleis ein kan ta naturfagemne, og i kva tidsrom, har me hatt fokus på fleksibilitet i utforminga av denne vidareutdanninga, fortel førsteamanuensis Jan Håkon Vikane, som underviser i eit av emna på studiet.
Studiet kan altså gjennomførast som eit årsstudium (heiltid) eller over 2 år (deltid). Tanken er at studentane skal kunne tilpasse løpet til sin kvardag.
– Nokre jobbar kanskje ved sida av studiet og ynskjer berre å ta eitt emne i semesteret, andre har kanskje kapasitet til to eller treng ikkje alle emna som studiet tilbyr. Dette kan ein sjølv setje saman slik det passar for søkjaren, fortset Vikane.
Tilbyr varierte former for undervisning
Emneansvarlege for utdanninga er førsteamanuensis Øyvind Arne Høydal og førsteamanuensis Carlos David Magnusson. Dei fortel oss at dei har jobba mykje med å få til variert undervisning i emna.

– Me ynskjer at det skal være tilrettelagt for praktisk arbeid under samlinga kvart emne har, slik at ein både kan oppleve naturfagslabben, feltarbeid utandørs og andre spennande arbeidsformer innan naturfag, seier dei.
Den nye utdanninga består av desse emna:
- Naturfag 8–13 – Stoffer, energi og berekraft,15 stp
- Naturfag 8–13 – Jorda, livet på jorda og berekraft,15 stp
- Naturfag 8–13 – Fysikk og teknologi, 15 stp 15
- Naturfag 8–13 – Kropp og helse. Cellebiologi og fysiologi, 15 stp
Etterspørsel i arbeidsmarknaden
I skulen er det behov for fleire lærarar med 60 studiepoeng innan naturfag, også på ungdomsskulenivå.
– Dersom ein tek grunnskulelærarutdanning, er det ikkje vanleg at ein kan ta meir enn 30 studiepoeng. Som lærar på vidaregåande er det krav om 60 studiepoeng, og vi opplever også etterspørsel etter dette på ungdomstrinna, forklarer høgskulelektor Øyvind Roger Halse, som også underviser i eit av emna på studiet.
Kven kan søkje?
Opptakskravet for utdanninga er generell studiekompetanse, og det er løpande opptak med studiestart hausten 2024. Studiet tilbyr fordjuping og kompetanseheving innan naturfag og er tilpassa lærarar. Likevel er studiet også relevant i andre samanhengar:
– Studiet er opent for alle med ei interesse for kompetanseheving i naturfag og er ikkje berre for lærarar. Kanskje det er journalistar som ynskjer å spesialisere seg? Kanskje ein skal ha eit friår etter vidaregåande og har ei interesse for det naturfaglege og difor vil ta eitt av emna samtidig? Det er mange moglegheiter, avsluttar Høydal og Magnusson.
Ynskjer du å vite meir om vidareutdanning innan naturfag? Les meir og søk her!
Sjekk også ut dei andre tilboda Høgskulen i Volda har innan naturfag: