Ann Kristin Emblem fast tilsett som ny høgskuledirektør
Høgskulestyret hadde onsdag 28. september omframt styremøte med tilsetting av ny direktør i fast stilling som einaste sak på dagsorden. Høgskulestyret vedtok å tilby stillinga til Ann Kristin Emblem.

Høgskulestyret hadde onsdag 28. september omframt styremøte med tilsetting av ny direktør i fast stilling som einaste sak på dagsorden. Høgskulestyret vedtok å tilby stillinga til Ann Kristin Emblem.
Emblem er fast tilsett som studiedirektør på Høgskulen i Volda, men har fungert som mellombels høgskuledirektør sidan 1. august. Emblem (59) er utdanna jurist og har også ein mastergrad i kunnskapsleiing. Ho kjem frå og bur no i Ålesund, men har arbeidd mange år i Trøndelag før ho i 2021 vart tilsett som studiedirektør ved Høgskulen i Volda.