27 juristar møttest på høgskulen
Forskingsgruppa i juss inviterte i samarbeid med rektoratet juristane på Søre Sunnmøre til ein juristlunsj 7. juni med arbeidsnamnet Juristforum. Heile 27 juristar møtte opp på samlinga og presentasjonen synte stor breidde både i erfaringar og kompetanseområder.

Ein kan vel seie at det er blitt ei juss-klyngje på Søre Sunnmøre. Føremålet med samlinga var å gi juristar i regionen kjennskap til fag- og forskingsområda for juristane på Høgskulen i Volda, og å kople juristane på Høgskulen i Volda på aktuelle spørsmål som juristane i regionen arbeider med. Deltakarane kom, i tillegg frå Høgskulen i Volda, også frå Søre Sunnmøre Tingrett, fleire kommunar, næringsliv og fleire private advokatfirma frå Søre Sunnmøre og Nordfjord. Situasjonen for Søre Sunnmøre tingrett vart også teke opp - tingretten er truga av mogleg nedleggjing. Tingretten er viktig for HVO, for juss-klyngja og ikkje minst for brukarane og ålmenta. Det vart teke initiativ frå advokatfirmaet Lundberg og Langva for å søkje å påverke avgjersmynde i prosessen vidare.
Fagleg samarbeid vart diskutert og det var semje om å ta dette vidare, ved å arrangere faste faglege forum, i første omgong ein gong i halvåret. Styringsgruppe vart valt, og i denne sit Margrete H. Øyehaug for HVO, advokat Espen Rekkedal og tidlegare rådmann i Averøy og pensjonert advokat Tore Skåltveit.
Les rektor si helsing til juristmøtet i rektorbloggen.