120 superheltar: Saman for ei betre lærarutdanning
Godt samarbeid er ein av grunnane til at du gjer eit godt val om du søker lærarutdanning i Volda. Nyleg var over 120 lærarutdannarar frå Ulstein ungdomsskule i Ulstein, Velle skule i Ørsta , Øyra skule i Volda og Høgskulen i Volda på fellessamling for lærarutdanningsskulesamarbeidet.

Kjersti Markegård frå Høgskulen i Volda innleia på samarbeidsseminaret 6. mars.
Godt samarbeid er ein av grunnane til at du gjer eit godt val om du søker lærarutdanning i Volda. Nyleg var over 120 lærarutdannarar (eller superheltar, som vi kallar dei) frå Ulstein ungdomsskule i Ulstein, Velle skule i Ørsta , Øyra skule i Volda og Høgskulen i Volda på fellessamling for lærarutdanningsskulesamarbeidet.
Høgskulen i Volda har eit partnarskapssamarbeid med dei tre lærarutdanningsskulane Øyra skule, Velle skule og Ulstein ungdomsskule, og hovudmålet for samarbeidet er å løfte kvaliteten i lærarutdanninga. Koordinator for lærarutdanningsskulesamarbeidet (LU-samarbeidet), Kjersti Markegård, fortalde i oppstarten av samlinga om korleis det tette samarbeid mellom institusjonane skal gje ei betre kopling mellom det som skjer i praksisfeltet og på høgskulen, og at dette vil auke samanhengen mellom opplæringa studentane får på dei to arenaene. Det er eit prinsipp i samarbeidet at det skal vere til gjensidig nytte for alle partar, og at ein gjennom samhandling skaper kunnskap i lag som igjen aukar kvaliteten ved alle institusjonane.
Delt stilling bidreg til betre praksis
Under fellessamlinga vart det delt erfaringar frå samarbeidet. Av samarbeidsprosjekt som vart trekt fram, var mellom anna samarbeid om delte stillingar. Linda Njåstad Øyehaug er ein av dei som er tilsett i delt stilling, og ho delte sine erfaringar som lærar ved Velle skule med eit 20 prosent engasjement ved høgskulen der ho arbeider inn mot samfunnsfag. Her bidreg ho med å tydeleggjere samanhengar mellom det lærarstudentane møter på høgskulen og i praksis, mellom anna ved å dele og drøfte undervisningspraksis tilsette ved høgskulen og studentar.

Eit anna satsingsområde i partnarskapssamarbeidet er hospitering. Gjennom denne ordninga kan tilsette i lærarutdanninga ved høgskulen hospitere i lærarutdanningsskulane for å få betre innsikt i og oppdatert kunnskap om skulekvardagen. Desse erfaringane kan dei igjen knyte til sine fag og studentane kan då møte ei meir praksisnær undervisning.
Les meir om hospitering i desse artiklane:
- Fagtilsette ved HVO med fersk bransjeerfaring: - Det har stor verdi for undervisninga vår!
- Flinke faglærarar blir enda flinkare: Hospiterer i grunnskulen for å gjere eiga undervisning betre

Etter eit godt måltid fekk lærarane delta på ulike stasjonar med erfaringsdeling. Mellom dei som delte av sine erfaringar, var Astrid V. Henriksen og Silje Skarmyr frå Øyra skule som formidla konkrete døme på korleis ein kan gjere læring kjekt.


Alle skulane i samarbeidet bidrog med innhald på dei åtte ulike stasjonane, og av det vi fekk høyre om, var mellom anna erfaringar med skuleovertaking, karakterfri undervegsvurdering i arbeid med fagfornyinga og korleis ein bruke podcast i undervisninga.


Gjennom arrangementet fekk lærarar frå skulane i partnarskapssamarbeidet høyre om kva andre gjer og samsnakke på tvers av skular og fag. Deltakarane på samlinga gav tilbakemelding om at dette var nyttig og inspirerande, og i tillegg veldig kjekt!
- Gjennom samlingar som dette blir lærarutdannarane betre kjende med kvarandre og dette er med å legge grunnlag for vidare samarbeid der vi kan få til noko gjennom partnarskapet som er av større betydning enn det vi kan klare kvar for oss, konkluderer Kjersti Markegård, koordinatoren for LU-samarbeidet.
Sjå fleire bilete frå samarbeidsseminaret i galleriet