Vidare til eksklusivt finalefelt
Høgskulen i Volda er eit skritt nærmare å få bli ein del av Sentre for fremragende utdanning (SFU) med prosjektet LEAD – Centre for Excellent Journalism Education.
Ved alle universitet og høgskular finst det i dag berre åtte slike Sentre for fremragende utdanning. No kan LEAD-prosjektet som Høgskulen i Volda har sendt inn som søknad bli eit av dei neste. For denne veka blei det klart at av 21 søkarar ble LEAD – Centre for Excellent Journalism Education valt ut som ein av åtte finalistar.
Dette bestemde ein ekspertkomité, beståande av utanlandske akademikarar. Som ein del av finalen og for å finne ut kven av dei åtte finalistane som er kvalifisert til å få SFU-tittelen, kjem den same komiteen på besøk til Volda i september.
Sjå alle finalistane og kommentarar frå ekspertkomiteen her.
Kampen mot «fake news»
Utdanningsmiljø med status som Senter for fremragende utdanning (SFU) skal kunne vise til framifrå kvalitet og innovativ praksis i utdanninga. Den nasjonale prestisjeordninga skal stimulere til framifrå FoU-basert utdanning. Ordninga vart oppretta i 2010 og finansierast av Kunnskapsdepartementet.
LEAD – Centre for Excellent Journalism Education, som ein har utarbeida i Volda, har som mål å bli ein nasjonal og internasjonal leiar i utvikling av journalistikk utdanning.
– Meir enn nokon sinne treng vi ei utdanning som hjelper journalistikkstudentar verda over til å ta ei aktiv rolle i kampen mot "fake news" og den voksande mistilliten som dette fører med seg, og til å fullføre journalistikken sin funksjon som formidlar av truverdig informasjon i det demokratiske samfunn, forklarar førsteamanuensis Ana Luisa Sanchez Laws som har hatt ei sentral rolle i arbeidet med søknaden.
Les meir om journalistikk i Volda.
Tar samfunnsansvar
Om prosjektet blir funne godt nok til å bli ein del av SFU, er det langt meir enn berre «merket» ein får, Laws vil trekke fram:
– Status som SFU er ei stadfesting av noverande høg kvalitet i vår utdanning, men det er også eit mandat for å gå utover våre lokale grenser og til å ta ansvar for samfunnsutvikling når det gjeld å utdanne ei mangfaldig gruppe av etiske og innovative journalistar.
Utdanningsmodellen som senteret ønsker å fremje består av tre kjernekompetanseområde: mangfald, samfunnsansvar og innovasjon.