Verdsleiande animatør med open forelesing

Tekst: Geir Tangen

- Oppdatert

Forelesinga, eit samarbeid med Animation Volda og Forskingsdagane blir i rom 161 i Berte Kanutte-huset torsdag 22. september kl. 16.00.

Ny masterutdanning - internasjonal standard

 – Animasjonsutdanninga i Volda held internasjonal standard. Vi rekrutterer studentar frå heile verda og med Peter Lord på laget stadfestar Høgskulen i Volda at vi har ambisjonar for framtida. Vi har søkt om ny masterutdanning og om denne vert godkjend vil ein for første gong i Noreg få masterutdanning der studentane kan spesialisere seg i animasjon, seier Gregoriusdotter Rotevatn, ny dekan ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda.

29d392a26a6afd7e5075e4bf365de2a6

– Alle har eit forhold til Sauen Shaun og Wallace and Gromit og dette vert både faglig interessant og skikkelig morosamt! Under AnimationVolda/Forskingsdagane held Lord ei open førelesing og her skal vi møte kjære og kjende figurar med to og fire bein. Det er lov å ta med popcorn, seier dekan ved Avdeling for mediefag Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

- Svært glade

– Vi er svært glade for at den verdsleiande animatøren og Oscar-nominerte grunnleggaren av Aardman Animations Studio, Peter Lord, no blir professor II ved animasjonsutdanninga i Volda, seier fagleg leiar Andrés Mänd.  

0bd63dc0a42188e094fdb45de63eddacPeter Lord, CBE (Order of the British Empire) er ein britisk animatør, filmprodusent og regissør. I 1972 grunnla han Oscar-vinnande Aardman Animations Studio saman med kameraten David Sproxton.

Aardman Animations Studio er mest kjent for å bruke animerte figurar av leire og har hatt stor suksess med filmar som Wallace & Gromit, Chicken Run og Shaun the Sheep Movie og TV-seriar som The Morph Files og Creature Comforts.

Ny master

– Peter Lord vil også vere sentral i arbeidet med å etablere en ny felles master for alle mediefaga i Volda som vi reknar med å få på lufta hausten 2017, seier Mänd. 

3844e47b693bca2ad8a11c40e403dc0fAnimasjonsregissør og høgskulelektor Dave King, leiar for animasjonsutdanninga Andrés Mänd og dosent Gunnar Strøm med figuren «Morph» som Peter Lord sjølv har laga under eit opphald i Volda.

Samarbeid

Dosent Gunnar Strøm har samarbeidd med Peter Lord sidan tidleg på 90-talet, og etter mange opphald i Volda kjenner den nye professoren høgskulen og studiebygda godt.

– Peter Lord vitja Høgskulen i Volda allereie før animasjonsutdanninga kom skikkeleg i gang, og har sidan vore i Volda mange gongar. Vi har hatt fleire gjesteførelesarar frå Aardman i Volda, og fleire studentar har vore i praksis hos studioet deira i Bristol.  Nokre av studentane våre har også arbeidd der i periodar, seier Strøm.

Stop motion

Teknikken Aardman Animations Studio brukar i filmane sine, er såkalla «stop-motion» der ein flyttar og fotograferer gjenstandar bilde for bilde for å skape ein illusjon av rørsle og liv når bilda vert viste som samanhengande film.

– Animasjonsutdanninga i Volda er ein av dei beste i verda på denne teknikken, slår Gunnar Strøm fast.

Blant dei tre største i verda

Aardman Animations Studio er saman med Disney og Pixar dei leiande studioa innanfor animasjonsfilm i verda i dag.

– At Peter Lord no vert ein del av staben ved animasjonsutdanninga er stort. Det er som om rockestjerna Jimmy Page, legendarisk gitarist i Led Zeppelin, skulle begynne å undervise på musikkutdanninga, seier Dave King med eit smil.

Foto av Audhild Gregoriusdotter Rotevatn

Foto av King, Mand og Strom

Peter Lord

Del på