Tett på bransjen med digitale besøk

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

– Sidan vi ikkje kan reise til bedrifter fysisk dette semesteret, reiser vi på digitale studentekskursjonar. Pandemien stoppar ikkje oss, fortel PR-student Eli Helland i studietur-komitéen.

Studentane på første året på Bachelor i PR, kommunikasjon og media brukar å reise til mange ulike organisasjonar og bedrifter kvart år. Trass reiserestriksjonar gjennomfører studentane bedriftsbesøka også i år.

– Det er utruleg spennande å høyre frå kommunikasjonsfolk som arbeidar i ulike verksemder. Dei fortel om arbeidskvardagen sin og saker dei har arbeidd med, kommenterer PR-student Håkon Skaftå.

Les meir om Bachelor i PR, kommunikasjon og media her. (Hugs søknadsfrist 15. april)

Kommunikasjon på nett og mobil

Kommunikasjonsrådgjevar Hanna Roald i Kunnskapsdepartementet fortalde om saka førre veke då regjeringa ved kunnskapsminister Guro Melby la fram at det skulle verte færre fellesfag og fleire valbare fag i vidaregåande skule. Melby vart kritisert for ein uttale om at nokre fag var viktigare enn andre. Ting kan tolkast på ulike måtar – og sjølv om ho ikkje meinte det, vart alt anna fortolka i den samanhengen. Kommunikasjon er meir enn berre uttalar i pressa. 

PR-stud2

– Det er lett å tru at vinkling og medievriding i kontakt med pressa er alt kommunikasjonsfolk gjer, kommenterte fleire av PR-studentane. Men kommunikasjonsarbeidet er mangfaldig:

– Det er jo tusenvis av frivillige, private og offentlege organisasjonar og verksemder som skal ha korrekt og oppdatert informasjon på alle nettsider, i alle sosiale medium-profilar, på plakatar, tv, radio, podcast og møter og ute overalt der folk er og ser informasjon. Og alle dei folka ein møter skal svarast til og møtast på ein fin måte. Det er mange fleire enn pressa som er målgruppa, seier studentane.

Sjå alle medieutdanningane ved Høgskulen i Volda.

Kommunikasjon for meir openheit om bipolare

Etter det virtuelle bedriftsbesøket til Kunnskapsdepartementet gjekk turen til Bipolarforeningen, der tidlegare PR-student Liv Aarberg (2018-kullet) arbeidar. Aarberg kjem frå kommunikasjonsjobbar i Venstre og før det i Helsedirektoratet. Ho kom med gode tips om korleis ein kunne få draumejobben, men ikkje minst om arbeidet som Liv brenn for i Bipolarforeningen.

PR-stud3
Tidlegare PR-student Liv Aarberg er den einaste kommunikasjonsmedarbeidaren i Bipolarforeningen, men brenn for saka og er glad for å kunne arbeide med kommunikasjon for eit tema som ho interesserer seg for.

– Det handlar om å fortelje korleis det er mogleg å leve gode og normale liv med ulike psykiske lidingar som bipolar liding. Til dømes det at vi på webinarene våre alltid har med ein fagspesialist er viktig for å få ut god kunnskap, fortel Aarberg.

– Å sørge for openheit og normalisering om psykiske lidingar slik at ein kan møtast utan fordommar er ein kjempeviktig del av kommunikasjonsjobben, understreka ho.

Kommunikasjon og ny teknologi

I 2018 gjekk også Amalie Heltne ut frå medielinja i Volda. Så etter å ha høyrt om kommunikasjon i Venstre, Helsedirektoratet og i Bipolarforeningen, kunne Amalie Heltne forteljedei noverande studentane om sitt arbeid som Advertising and Partner Coordinator i klesappen TISE. Før dette har Amalie arbeidd som innholdsprodusent for Folk Oslo og som digital markedsførar for Good for me. Amalie fortalde korleis ein kan ta i bruk ny teknologi i kommunikasjon.

PR-stud4
Tidlegare PR-student Amalie Heltne i TISE.

Kommunikasjon om god utdanning

Etter bedriftsbesøk i Oslo og ei Kahoot-pause ved Thomas Amlie, gjekk turen til Bergen, der Jørgen Thune jobbar som kommunikasjonsrådgjevar ved Universitet i Bergen. 

– Å sjå og høyre alt arbeidet som ligg bak for eksempel rekrutteringsvideoen til universitetet og korleis dei har tenkt at alt dette skal kommunisere til alle målgruppene for eit universitet – ja, det er masse og berre noko av det vi gledar oss til å jobbe med etter at vi er ferdige i Volda, fortell PR-studentane etter den virtuelle ekskursjonen frå Volda til Oslo.

Tusenvis av tidlegare studentar å besøke

Høgskulen i Volda feirar 50-årsjubileum for medieutdanninga i år. Informasjonslinja, seinare Kommunikasjonsutdanninga og no PR, kommunikasjon og medie-utdanninga har vore ein del av mediefaga i Volda heilt sidan starten. Utdanningane heitte Multimedia-utdanninga første åra, med spesialisering i informasjon, film, radio eller journalistikk andre året. 

PR-stud5
Programansvarleg Jens Standal Groven har ikkje talet på kor mange kommunikasjonsstudentar som er utdanna ved medielinja, men trur Høgskulen må ha utdanna tusenvis.

– No har dei store valretningane vorte eigne bachelorgrader som kvalifiserer for vidare mastergrad i media for dei som ønskjer ei lengre utdanning, fortel programansvarleg Jens Standal Groven ved PR-utdanninga. 

– Desse 50 åra har vi utdanna sikkert over tusen kommunikasjonsfolk som arbeider i alle slags private, offentlege og frivillige organisasjonar. Dei arbeider i alle slags flater og med all slags medie- og kommunikasjonsjobbar, og utan at alle desse hadde informert oss hadde vi vore litt mindre kloke i landet, trur Groven.

– Berre det å høyre korleis Liv Aarberg sitt engasjement for dei som treng informasjon og støtte frå Bipolarforeningen viser oss kor viktig det er at vi held fram å utdanne kommunikasjonsfolk som kan få arbeide med hjertesakene sine, poengterer Groven.
 

Del på