Studentmedia er tilbake på lufta!
No kan du lese Nærnett, høyre på Radio Volda og sjå Nærsynet att. Journaliststudentane i Volda har mykje praksis året rundt - og startar altså ei ny periode måndag 12. september. Dei lover gode nyheitssaker, undersøkande journalistikk og underhaldning - og tek gjerne imot tips og tilbakemeldingar!

Det er berre å leite opp og favorittmerke med ein gong: Nærnett, TV og radio.
Her kan du lese, høyre og sjå saker signert journalistikkstudentane ved Avdeling for mediefag.
Dei har også kontoar på Twitter, Facebook og Instagram.
Send gjerne tips og tilbakemeldingar på e-post, oppmodar dei.
Praksisperioden med aktive studentmedia varer frå 12. september til 21. oktober i denne omgang.