Prisdryss til Volda-filmar

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Animasjonsfilmar laga av Volda-studentar gjer stor suksess og nyleg vann to ulike filmar pris under anerkjende filmfestivalar.

Suksessen vil (heldigvis) ingen ende ta for dei dyktige animasjonsstudentane ved Høgskulen i Volda. Tidlegare i haust fekk student Margrethe Danielsen sin film Pearl Diver utmerking under den internasjonale animasjonsfestivalen i Zagreb. 

Filmen har verkeleg tatt av og er vist på 30 ulike festivalar verden over. Under Fredrikstad Animation Festival stakk Pearl Diver av med prisen for beste nordisk-baltisk studentfilm.

Juryen hadde følgande å seie om filmen:

«Pearl Diver er en vakker film om umuligheter. Den godt strukturerte historien utforsker motsatsen mellom karakterene og deres muligheter. Hvert par av karakterer belyser et paradoks av menneskelige tilstander, til og med om de avbildes som muslinger eller ballonger. Juryen anerkjenner filmen presisjon og klarhet kombinert med den rike symbolske verdien elementene bærer med seg».

Les meir om animasjonsutdanninga i Volda.

Beste kortreiste kortfilm

Som om ikke det var nok, gjorde Volda-studentar seg også bemerka under Bergen Internasjonale Filmfestival. Sondre Johre og Joachim Berg vann prisen for beste kortreiste kortfilm.

Det gjorde dei med animasjonsfilmen HIJACK139, som handlar om ein ung mann som bestemmer seg for å kapre eit fly frå Trondheim til Oslo. Denne animerte dokumentaren fortel historia om kva som skjedde på Braathens SAFE sin flight 139 21. juni 1985.
 

Del på