Ny bok på prestisjeforlag om politiske parti og politisk marknadsføring
Førsteamanuensis Helene P. M. Johansen ved Avdeling for mediefag har nett kome ut med ei ny bok på Ashgate forlag i England, eit av verdas fremste akademiske forlag. Boka heiter "Relational Political Marketing in Party-Centred Democracies," og posisjonerer seg i skjeringspunktet mellom økonomi, marknadsføring og statsvitskap.
– Med utgangspunkt i ein brei kritikk av den eksisterande, marknadsorienterte politiske teorien, byd boka på ny teori som tek sikte på å betre vår forståing av medlemsbaserte politiske parti og partisentriske, demokratiske system, forklarar Johansen.
Helene P. M. Johansen vart tilsett som som ny førsteamanuensis ved PR-utdanninga i fjor haust. Då kom ho frå Handelshøyskolen i Bodø, og har både mastergrada og doktorgrada si frå London School of Economics. Johansen har arbeidd med mellom anna politisk kommunikasjon, maktstrukturar og samfunnsøkonomiske strukturar.
Kritisk syn på tradisjonell, politisk marknadsføring
– Boka har også skarp, praktisk relevans i ei tid der dei politiske partia vert stadig meir opptekne av å marknadsføre seg, seier Johansen.
Boka byd på både billegare og meir effektive råd enn dei råda som partia ofte får frå sine såkalla marknadsekspertar i dag.