Mr. Aardman, Peter Lord, blir professor i Volda
Peter Lord, CBE (Order of the British Empire) er ein britisk animatør, filmprodusent og regissør. I 1972 grunnla han Oscar-vinnande Aardman Animations Studio saman med kameraten David Sproxton.
Aardman Animations Studio er mest kjent for å bruke animerte figurar av leire og har hatt stor suksess med filmar som Wallace & Gromit, Chicken Run og Shaun the Sheep Movie og TV-seriar som The Morph Files og Creature Comforts.
Ny master
– Peter Lord vil også vere sentral i arbeidet med å etablere en ny felles master for alle mediefaga i Volda som vi reknar med å få på lufta hausten 2017, seier Mänd.
Animasjonsregissør og høgskulelektor Dave King, leiar for animasjonsutdanninga Andrés Mänd og dosent Gunnar Strøm med figuren «Morph» som Peter Lord sjølv har laga under eit opphald i Volda.
Samarbeid
Dosent Gunnar Strøm har samarbeidd med Peter Lord sidan tidleg på 90-talet, og etter mange opphald i Volda kjenner den nye professoren høgskulen og studiebygda godt.
– Peter Lord vitja Høgskulen i Volda allereie før animasjonsutdanninga kom skikkeleg i gang, og har sidan vore i Volda mange gongar. Vi har hatt fleire gjesteførelesarar frå Aardman i Volda, og fleire studentar har vore i praksis hos studioet deira i Bristol. Nokre av studentane våre har også arbeidd der i periodar, seier Strøm.
Stop motion
Teknikken Aardman Animations Studio brukar i filmane sine, er såkalla «stop-motion» der ein flyttar og fotograferer gjenstandar bilde for bilde for å skape ein illusjon av rørsle og liv når bilda vert viste som samanhengande film.
– Animasjonsutdanninga i Volda er ein av dei beste i verda på denne teknikken, slår Gunnar Strøm fast.
Blant dei tre største i verda
Aardman Animations Studio er saman med Disney og Pixar dei leiande studioa innanfor animasjonsfilm i verda i dag.
– At Peter Lord no vert ein del av staben ved animasjonsutdanninga er stort. Det er som om rockestjerna Jimmy Page, legendarisk gitarist i Led Zeppelin, skulle begynne å undervise på musikkutdanninga, seier Dave King med eit smil.
Introduksjonstale
Peter Lord vil halde ein introduksjonstale, ei illustrert førelesing, for studentar og tilsette under Forskingsdagane torsdag 22. september der han mellom anna vil vise klipp frå filmar han har produsert.