Kan Se og Hørs journalistikk forsvares?

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

f29111d115a33e26c30c84123db4cc7e
Stipendiat ved Avdeling for mediefag Ellen Lexerød Hovlid.

Den såkalte «kjendisjournalistikken», som vi finn i for eksempel Se og Hør, er omstridt. Hovlid sitt innlegg på Forskingsdagane 2013 tok utgangspunkt i doktoravhandlinga henna, «Vern av privatlivets fred. Med særlig fokus på kjente personers vern mot offentliggjøring av private forhold i redaktørstyrte medier», og gav eit samandrag av avhandlinga som tar for seg dei juridiske grensene for omtale av kjente personar sitt privatliv i redaktørstyrte medium.

I avhandlinga konkluderer ho med at «kjendisjournalistikk» i ein del tilfelle kan forsvarast dersom det blir gitt samtykke, eller det er av offentleg interesse, men denne typen journalistikk er i ein del tilfelle også vanskeleg å forsvare og kviler på dei omtalte si nåde.

Hovlid er stipendiat ved Avdeling for mediefag, og har ein mastergrad i rettsvitskap frå Universitetet i Bergen.

Del på