Forskningsprosjekt: Ny bok om media og demokrati
Av: Marieke Mulders
Den nye boka “Medier og demokrati” (Barbara Gentikow & Egil G. Skogseth (red.)) leverer viktige premissar for å skjøna foholdet mellom demokrati og nye media. Boka sin andre del tek for seg Demostasjon, og inneheld bidrag av prosjektleiar Lars Nyre, Egil Skogseth og Paul Bjerke og dei tidlegare Volda-studentane Hilde Marie Braaten, Jane Elin Brattland og Heidi Fagna.
Eksperiment Demostasjon
Demostasjon søkte å sleppa fleire folk til i ein offentleg arena og slik inspirera til ei jamnare fordeling av merksemd og gjennomslagskraft i medieoffentlegheita. Nettradioen hadde korkje musikkflate eller reklame, kun debatt, samtale og promoar. Demostasjon ville kollapsa utan folk som tok ordet på lufta, lik som demokratiet ville ha kollapsa utan deltaking frå borgarane.
Nyttig for folk i mediabransjen
“Medier og demokrati” er rette boka å lesa for mediefolk og journalistar som ynskjer å skjøna dei demokratiske moglegheitane og ikkje minst utfordringane for media dei jobbar i. Antologien inneheld også oversetjingar av klassiske artiklar av John Dewey og Jürgen Habermas, i tillegg til nyskrivne bidrag frå fleire nordiske forskarar.
Boktittel: Medier og demokrati Forfatter: Barbara Gentikow & Egil G. Skogseth (red.) Forlag: Spartacus Forlag ISBN: 30400296 |
Les meir på Demostasjon si nettside eller på Kulturteknikker si nettside.