Forskingsdagane: PR-studentar kommuniserer ENØK

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

65db7e4ff7f4d87f43e23a6044425b3af3cf1976

F.v. Aleksander Rist Holmen, Magdalene Eldevik Kjosar, Veronica Kvalen Pilskog, Amanda Isaksen og Kristin Sandstad. Foto: Haakon Stensrud

– Vi har laga ein kommunikasjonsstrategi og eit konsept for klimaplanar i kommunene, fortel studentane.

Prosjektet er eit bidrag til Møreforsking sitt Klimakutt Møre-prosjekt, på oppdrag for sju kommuner i regionen.

Klimaplanar ut til folk

– Studentane har gjort ein formidabel innsats, og dei kjem opp med svært gode innspel og metodar, melder Geirmund Dvergsdal, som er ein av forskarane ved Møreforsking. Dette kan hjelpe kommunane å få planane opp av skuffen og ut til folk, seier han. 

Hovudtiltaket er informasjon- og undervisningsopplegg i skulen. Gjennom god kommunikasjon skal dette stimulere elevar, føresette og skulen til ENØK, som igjen skal bidra til at kommunene når klimamåla sine. 

Del på