Forskarkonferanse: Revolusjonen vil ikkje bli kringkasta?

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

–  Konferansen vil ta føre seg samspelet mellom media og sosiale/politiske protestrørsler i perioden etter den andre verdskrig, fortel Werenskjold.
– Fokuset er retta mot 1960- og 1970-åra, og mot oppfatninga om massemedia og demokrati i ei globalisert nyheitsverd.

Massemedia si rolle
Nyare forsking har lagt vekt på at massemedia spelte ei viktig rolle i spreiinga av tankar og idear frå land til land, og mellom ulike regionar. Ein kan stille spørsmål om korleis utvekslinga av idear, aksjonsformer og ei eventuell endring av bodskapen i denne utvekslinga har gått føre seg i praksis i media, både lokalt og globalt.

Protestrørslene si rolle til massemedia
Protestrørslene har alltid hatt eit tvitydig forhold til massemedia, ofte prega av både samspel og konflikt. I 1960- og 1970-åra skulda aktivistane media for å lyge og for bevisst å underminere protestrørslene gjennom negative oppslag. Konferansen vil mellom anna også sjå på korleis media har skapt bilete av protestrørslene frå utsida. Sett frå eit slikt perspektiv kan massemedia sjåast på som ein utkiksstad for å forstå det etablerte samfunnet sine reaksjonar på opprør i kvart einskilt land og meir generelt. I konferansen vil ein også rette søkjelyset mot andre former for mediering av protestane over tid, mellom anna korleis dei nye nettavisene dekkjer ulike protestar på internett.

På tvert av disiplinar
Leiande internasjonale sosiologar, historikarar, medieforskarar, og mastergradsstudentar vil førelese – og presentere vitskaplege arbeid og ta del i paneldiskusjonar. Formålet er å skape ein fagleg dialog på tvers av fagområde, disiplinar, kulturelle og regionale grenser både nasjonalt og internasjonalt.

Proteståret 1968
Fleire av dei levande ikona frå dei internasjonale protestane i 1968 vil ta del som gjestar under konferansen. Mellom desse er Rainer Langhans frå Tyskland – som i 1968 var mellom dei leiande i Kommune 1 i Vest-Berlin (kjend for sine provokative aksjonar), og Luca Meldolesi frå Italia, som var ein leiande studentaktivist under det italienske opprøret i 1968. Frå Noreg tek journalisten Per Olav Reinton del. Han har vore rektor ved Journalisthøgskolen i Oslo og har lang bakgrunn frå NRK. Gjestane tek del på ein eigen paneldiskusjon torsdag 27. november  – ”Meet the Press” – i samarbeid med journaliststudentane sin eigen pressepub på studenthuset Rokken. 

Les meir på www.hivolda.no/protest
Last opp programmet (på engelsk) (pdf.dok.)

Del på