Flåklypa-regissørar til Volda

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Høgskulen i Volda arrangerer ope seminar om Flåklypa-filmane onsdag 13. november.

Animasjonsstudiet i Volda starta hausten 1993 samtidig med at profesjonaliseringa av den norske animasjonsbransjen for alvor tok til. Det hadde blitt laga animasjonsfilm på høgskulen før det. Mellom anna laga Anita Killi sine første animasjonar som del av dokumentarfilmstudiet. Ho er i dag in av dei store internasjonale stjernene innan kunstnarisk animasjon.

Les meir om seminaret her.

Animatørane frå Volda er og har vore svært sentrale i norsk animasjon sidan midt på 1990-talet Rasmus A. Sivertsen gikk første kullet. Rett etter studiet vart han ein av dei sentrale animatørane på den første animerte heilaftensfilmen i Norge: Solan, Ludvig og Gurin med reverompa (John M. Jacobsen og Nille Tystad, 1998). Han vart også raskt knytt til det nyoppretta animasjonsfilmstudioet Qvisten Animasjon der han er deleigar.

Rasmus Sivertsen har regissert 9 animerte langfilmar i tillegg til kortfilmar og reklamefilmar. Ingen har regissert så mange kinofilmar dei siste 10 åra. Han er faktisk den norske filmskaparen med det største samla kinopublikummet i heile den norske filmhistoria.

I tillegg til folkekjære filmar om Hakkebakkeskogen og Kaptein Sabeltann er han særlig kjent for dei 3 nye dokkefilmane om Flåklypa-universet.

Onsdag 13.november deltek Rasmus Sivertsen på eit seminar om dei animerte Flåklypa-filmane på Høgskulen i Volda.Nille Tystad, som regisserte Solan, Ludvig og Gurin med reverompa kjem også til seminaret.

Det gjer også professor Kari-Mari Jonsmoen som skriv bok om Kjell Aukrust samen med Stig Andersen og Gunnar Strøm. Ho vil introdusere Flåklypa-universet med vekt på Flåklypa Tidende på seminaret. Stein-Christian Fagerbakken og Gunnar Strøm vil presentere Flåklypa Grand Prix (Ivo Caprino 1975).

Både Kjell Aukrust og Ivo Caprino ville blitt 100 år i 2020. Op onsdag inviterer forskingsgruppa AFON (Animasjon før og no) til ope seminar om Flåklypa-filmane. Dette er ein unik sjanse til å møte skaparane av filmane og få innsikt og ny kunnskap om Flåklypa-universet. Gøy blir det også!
 

Del på