Dokfilmskapar Baxter til forskingsnettverk om berekraft

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Kompetansehub for bærekraft Møre og Romsdal inviterer dokumentarfilmskapar Anthony Baxter til nettverkssamling. Der viser han sin nyaste film om eit lokalsamfunn sin kamp for reint drikkevatn.  

Filmskapar Anthony Baxter fortel historiene til eit lite samfunn der myndigheitene prioriterer økonomisk vinning framfor liv og helse. Myndigheitene gløymer samfunnsansvaret sitt og sviktar innbyggjarane dei er sett til å tene. Resultatet er ei helsekrise med tragiske utfall. 

Dette er ei fortelling om enkeltmenneske sin kamp for reint vatn, helsehjelp og rettferdige vilkår der dei bur. Sjølv om ein skulle tru at slike grunnleggjande rettar var sjølvsagt, er slike saker vanleg overalt. 

Berekraftige organisasjonar

Næringsliv, myndigheiter og ulike organisasjonar har vorte flinkare til å oppfatte kva publikum, kundar eller samfunnet forventar. 

– Å drive ein organisasjon etter berekraftige forretningsmodellar handlar om å måle etter dei rette indikatorane eller måleeiningane. Kompetansehub for bærekraft Møre og Romsdal er ei nettverksgruppe som har utvikla berekraftige forretningsmodellar basert mellom anna på FN sine berekraftsmål, fortel viserektor og prosjektleiar for kompetansehubben, professor Annik Magerholm Fet ved NTNU.

– Ved å saumfare verdikjedene i ei verksemd eller i enkeltoperasjonar, skal ein lettare avdekke hol som kan gjere skade – og til slutt uboteleg skade både på omdømme og økonomi, fortel Fet.

Berekraftige forretningsmodellar

Førpremieren med Anthony Baxter er eitt av fleire seminar for kunnskapsdeling og formidling.

– Kompetansehub for bærekraft Møre og Romsdal er eit tett samarbeid mellom NTNU, Høgskulen i Volda, Høgskolen i Molde, Møreforsking, Sintef, NIBIO, Runde Miljøsenter og næringsklyngene iKuben, GCE Blue Legasea, ÅKP, ProtoMore, Fremtidslaben og GCE Blue Maritime, og satsar no om lag ein million kroner til vidare utvikling i kompetansehuben med støtte frå regionalt forskingsfond. Kompetansehub for bærekraft Møre og Romsdal tilbyr no kurs i Kapasitetsbygging innen bærekraft og miljøledelse for dei fire sentrale næringsklyngene og for offentleg sektor. Kompetansehuben samarbeider med ti verksemder og ei kommune som tek i bruk det såkalla CapSEM-verktyet for berekraftig forretningsutvikling og miljøleiing, fortel rådgivar Christina Hellevik ved NTNUs strategiske satsingsområder havrom, energi og bærekraft. 

Berekraftig kriseleiing

Kristian Fuglseth
Kristian Fuglseth, Høgskulelektor ved Høgskulen i Volda

Berekraftige forretningsmodellar er sentralt i arbeidet med samfunnsansvar og omdømme for verksemder. 

– Dette er verdiar som verksemder i større grad vert målt på no enn tidlegare, kommenterer prosjektleiar Kristian Fuglseth ved Instiutt for kommunikasjon ved medielinja i Volda.

– Mange verksemder opplev kommunikasjonskriser fordi dei ikkje forutser vanskelege saker og stridsspørsmål som publikum, ein opinion eller media vert opptekne av. Kriseleiing er eit av våre sentrale tema mellom anna i mastergraden. Ein organisasjons evne til å forutsjå utviklinga i vanskelege saker, eller issues, er ein sentral del av risikovurderinga i kriseleiing. Publikum krev at verksemder fyl etablerte verdiar og normer om miljø, sosiale tilhøve, helse- og arbeidsmiljøspørsmål. Om det syner seg at ein møbelprodusert, ein lakseoppdrettar, eit skipsverft eller andre næringar bryt med etablerte normer ein eller annan stad ned gjennom si verdikjede – viser mange døme at dei utset seg for ein risiko som til slutt går ut over verksemda si bornlinje og skape ei større krise, forklarar Fuglseth.

Forskingsformidling av berekraft

Anthony Baxter
Anthony Baxter, dokumentarfilmskapar

– Anthony Baxter sine dokumentarfilmar har ei særleg evne til å formidle denne kunnskapen, og illustrerer på ein forbilledleg måte temaa som Kompetansehub for bærekraft Møre og Romsdal arbeidar med, fortel Fuglseth.

– Omgrepet berekraft er brukt om mange ting, men har vorte eit etablert omgrep for ansvarleg drift av organisasjonar og verksemder. Det er ei utfordring å syne korleis FN sine berekraftsmål, som vi har forplikta oss til å følgje, kan etablertast i organisasjonar vi arbeidar i. Baxter fordel ei historie om kvar svikten kan oppstå, og slik kan vi formidle fagleg kunnskap på ein poplærvitskapleg måte og samstundes inspirere fleire til å gå gjennom verdikjedene i eigne organisasjonar, seier Fuglseth.
 

Del på