Deltok på nasjonal forsoningskonferanse – 60 etter krigen
Høgskulelektor ved Avdeling for mediefag, Idar Flo, deltok ved den nasjonale forsoningskonferansen ”Å overkomme fortiden – Rettsoppgjøret 60 år etter” som gjekk føre seg Sentrum Kino i Oslo 9. mai. Flo heldt eit foredrag om ”Den uforsonlege våren – oppgjøret i filmavisen 1945.”
Rettsoppgjeret i Noreg var omfattande, men verknadane av det er på mange område lite kjent. NFR-prosjektet ”Å overkomme fortiden” har sidan 1999 arbeidd med å avdekke dei viktigaste verknadane av det, mellom anna gjennom utgjeving av ein firebands bokserie.
Prosjektet har vore leia av professor Hans Fredrik Dahl.
Konferansen var open for alle som ville lufte sine synspunkt i dialog med forskarane og kvarandre. Utanlandske ekspertar sette i tillegg oppgjeret i eit større perspektiv.
Du kan lese meir om prosjektet og konferansen