Blir kjend med og lærer av dei flinke i bransjen

Tekst: Per Straume , Foto: Andreas Solbakken

Gjennom ei rekke flinke gjesteforelesarar som til vanleg er utøvande mediefolk, får medieproduksjonsstudentane i Volda eit unikt innblikk i kva som ventar dem i arbeidslivet – og ikkje minst gode kontaktar som kan komme godt med når dei skal søke arbeid.

– Mediebransjen er kjent for at det å ha eit nettverk med personar ein har kjennskap til nesten er den viktigaste faktoren for å få jobb. Høgskulelærar Andreas Solbakken er dønn ærleg på at det lønner seg å kjenne folk i bransjen når ein skal skaffe seg jobb etter studia.

Inspirerande

Det er eit viktig gode av at ein ved bachelorgraden i Medieproduksjon ved Høgskulen i Volda vel å få bransjefolk inn til å forelese. Dei er der hovudsakleg på grunn av sin faglege tyngde, men kontakten studentane kan knyte og nytte seg av seinare, er eit stort pluss Volda-studentane får med seg i tillegg.

Fleire av desse gjesteforelesarane har også studert i Volda.

– Det er inspirerande å sjå fleire utroleg dyktige folk som har lukkast i bransjen etter å ha studert ved Høgskulen i Volda. Og ekstra moro at dei kjem tilbake hit og deler av sin kunnskap og sine erfaringar, synest August Gautun, medieproduksjonsstudent på andre året.

Les meir om Medieproduksjon og søk utdanninga her.

Tore Vollan og August Gautun
Tore Vollan underviser studentane i lyssetting og bruker student August Gautun som prøvekanin.

Leike og lære

Filmfotograf Tore Vollan, med ei rekke norske og internasjonale film- og seriesuksessar på skrytelista, er eit godt døme nettopp det. Han underviste nyleg studentane på medieproduksjon ei veke.

 – Det er alltid fint å vere tilbake i Volda. Studentane her har høg læringslyst og gode spørsmål – som gjer at eg også får utfordringar, seier Vollan.

Før han kom til Volda for å studere i 1991 hadde han gått filmskule i Polen. Han vil ikkje sette skulane opp mot kvarandre, men det var først då han kom til sunnmørsbygda han fekk fart på den praktiske læringa.

– I Volda fekk vi nøkkel til utstyrsrommet og hadde tilgang heile tida – stikk motsett frå Polen der dei var strenge med lån av utstyr. Det vart ei heilt anna verd som opna seg for meg då eg fekk halde på med utstyr, prøve og feile døgnet rundt. Eg lærte svært mykje av det, fortel Vollan. Den same fordelen har også studentane i Volda i dag, tilgangen til utstyr er god.

Medieproduksjonsstudenter
Nøgde og lærelystne studentar i forelesing.

Spisskompetanse

Vollan føyer seg inn i rekka av gjesteforelesarar andreklassingane har i emnet Advanced Media Production dette semesteret. Casting Director Alicia M. Eidesund, klipper Inger Lise Hammervik og lyddesignar Jorunn Børve Eriksen har alle vore innom som forelesarar og delt av sin kunnskap frå arbeidslivet.

– Vi hentar inn folk med spisskompetanse på sitt felt som de kan undervise i. Vi som er tilsett her som lærarar har våre kompetansefelt, då er det fint at vi kan utfylle det med folk utanfrå for å gi studentane eit best mogleg tilbod, seier høgskulelærar Solbakken.

Sjå alle dei ulike medieutdanningane i Volda her.

Profesjonell prosjekthjelp

All den læringa og kunnskapen studentane tileignar seg gjennom undervisning og øving med forelesarane, får dei nytte av i fiksjonskortfilmar som dei skal vere ferdig i mai. Ein glimrande måte å lære på synest den franske utvekslingsstudenten Maïlee Michalon. – Det fine er at forelesarane innleiar med litt teori, før vi sjølv får prøve det ut i praksis. Med til dømes filmfotograf Tore Vollan var det utruleg lærerikt å få innspel på det vi gjorde undervegs. Å få ein profesjonell sine auge på produksjonen gjer at vi veit kva som ventar oss ute i arbeidslivet, forklarar Michalon.

Andreas Solbakken
Høgskulelærar Andreas Solbakken

For å kome gjennom nålauget med å bli til dømes filmfotograf håper lærar Solbakken at studentane brukar moglegheitene dei får under åra sine i Volda godt.

 – Om studentane er lure nyttar dei no sjansen til å få litt kontakt med gjesteforelesarane. Då er det enklare ved eit seinare høve å ta kontakt, seie «Hei, hugsar du meg frå Volda?» og på den måten få ein fot innafor. Desse gjesteforelesarane har eit enormt nettverk som kan vere gull verdt å vere kopla på, seier Solbakken.
 

Del på