Mediehuset snart ferdig: Mellombels gangveg på høgskulen
Sivert Aarflot-huset er snart klart for innflytting, og byggearbeidet på det nye mediehuset er i sluttfasen. I samband med byggeinnspurten vert brua og gangvegen mellom Berte Kanutte-huset og Hans Strøm-huset mellombels stengt.
- No gler vi oss til innflytting! Det seier driftssjef og prosjektleiar Øystein Mårstøl om framdrifta på nytt mediehus ved Høgskulen i Volda.
Han fortel at arbeidet er i rute, og at dei tilsette no bur seg på nedpakking og flytting før sommarferien. Går alt etter planen, startar dei nye mediestudentane haustsemesteret i splitter nytt hus i august.
Siste innspurt
Mårstøl roser entreprenør PEAB K. Nordang for arbeidet dei har gjort i krevjande tider, med Covid-19-tiltak og forsinka leveranse av materiale mellom nokre av utfordringane. Dei har også jobba så smidig som råd med tanke på dei tilsette, studentane og andre som nyttar seg av høgskuleområdet.
- Enkelte ting kjem vi ikkje utanom, og i perioder må vi stenge av vegar eller inngangar. Dei tilsette og studentane har tilpassa seg og teke dette på strak arm, seier ein nøgd Mårstøl.
- No må vi ha ei lita runde til med omlegging av gangtraséen, i samband med bytte av toppdekke på brua mellom Berte Kanutte-huset og Hans Strøm-huset, seier driftssjefen.
Dette vil pågå i veke 21 til 24, frå 25. mai til om lag 18. juni.
- Vi har teikna opp alternative gang- og sykkelruter som kan nyttast i perioden. Varelevering kan gå opp Joplassvegen etter avtale, opplyser Mårstøl.
Han takkar nok ein gong for tolmodet og tipser om at byggemeldingar og andre opplysningar kan lesast på samlesida for mediehuset.