Med regjeringsgodkjenning i lomma, er arbeidet med nytt mediebygg ved HVO over i ei ny fase. No er mellombels parkeringsløysing avklara, byggesøknad sendt kommuna, og alt ligg til rette for byggestart.
«EXPO» vann konkurransen om å bygge det nye mediehuset ved Høgskulen i Volda. No har Statsbygg signert kontrakten med entreprenøren for prosjektet, og ventar på godkjenning frå regjeringa.
Bak forslaget står totalentreprenøren PEAB/ K Nordang AS og Link arkitektur. - Det nye mediebygget vil vere eit løft både for medieutdanningane våre og campus generelt, seier fungerande høgskuledirektør Per Halse.
Onsdag 12. september opna Statsbygg ved prosjektleiar Tore Berg ei utstilling i Berte Kanutte-huset som viser dei innkomne forslaga til nytt mediehus ved høgskulen. – Eg gled meg over å få vere med på å utvikle dette mediebygget for det som mange ser på som landets viktigaste og beste medieutdanning, sa Berg.