Nytt mediebygg ved Høgskulen i Volda
I 2021 får Høgskulen i Volda splitter nytt mediebygg, tilpassa ei medieutdanning for framtida. Bygget skal huse alle mediefaglege utdanningar, 500 mediestudentar og femti tilsette, samt vere senter for arbeid med digital kompetanse i læring. Her kan du lese siste nytt i arbeidet med å sette opp bygget, samt finne fakta, bilete, teikningar og kontaktinformasjon.
Bli med Nærsynet inn: Slik vert det nye mediebygget.
AKTUELLE BYGGEMELDINGAR
25. mai - 18. juni: Brua mellom Berte Kanutte-huset og Hans Strøm-huset vert stengt. I perioden må gåande og syklande nytte alternative ruter via Volda Campus Arena - sjå illustrasjon under. Varelevering vil kunne gå opp Joplassvegen som vanleg.
ARBEIDSTIDER I BYGGEPERIODEN
Hovudarbeidstider vil vere måndag til fredag frå klokka 07.00 - 20.00
Det kan forekome arbeid enkelte laurdagar
Det vil ikkje vere jobbing på heilagdagar
Endringar og arbeid som påverker arbeidskvardagen vert kommunisert tilsette og studentar ved HVO på e-post.
KONTAKTINFORMASJON, ENTREPRENØR
Prosjektansvarleg Steffen Thorseth Løkling: +47 986 29 999 - [email protected]
Prosjektingeniør Anders Oksavik: +47 986 19 463 - [email protected]
NYHEITSSAKER
- Historias første digitale grunnstein
- Namn på mediehuset bestemt
- "Sivert Aarflot" er innstilt
- Sjå finalistane i namnekonkurransa
- Kva skal det nye mediehuset heite?
- Nytt mediebygg ved HVO i rute
- Første spadetak for "verdas beste mediehus"! (Link til Facebook)
- Ny innkøyring og parkering til Høgskulen i Volda
- Informasjon rundt byggestart til naboer
- Igangsetting godkjent: Slik vert arbeidet med mediebygget framover
- Byggestart i november - parkeringsplassar klare
- Regjeringa gir tommel opp til mediebygget
- Informasjonsskriv til naboar 3. juli 2019
- Kontrakta er signert: No ventar mediebygget på handsaming i regjering
- Nytt mediehus ved Høgskulen i Volda
PRESSEKONTAKT:
Kommunikasjonssjef ved Høgskulen i Volda, Line Lauvsnes Oddekalv: +47 481 04 676 - [email protected]
Spesialrådgiver i Statsbygg, Stig Petter Pettersen: +47 995 61 535
FAKTA
PEAB/K Nordang AS står bak «EXPO» som vann konkurransen om å bygge det nye mediehuset. Totalentreprenøren har med seg arkitektar frå Link arkitektur og rådgivarar frå Cowi på akustikk, ECT på elektro, Norconsult på systematisk ferdigstilling og livssyklusanalysar, og ART på prosjekteringsleiing.
"EXPO» tek på ein svært god måte vare på funksjonalitet, lesbarheit og løysing i høve krav til nærleik mellom viktige mediefunksjonar. Bygget står fram som fleksibelt med faste repetisjonar, god takhøgde og god plass til nye føringsvegar. Generaliteten vert teken vare på av rominndeling og takhøgde der romma kan takast i bruk til andre føremål. Viktige mediefunksjonar er plasserte langs glasfasadane som vender mot Joplassvegen. Denne løysinga svarar godt til å gjere aktivitetar synlege utanfrå".
HISTORIKK:
September 2016: Statsbygg får i oppdrag frå Høgskulen i Volda å prosjektere eit nybygg for mediefag og kulturbygg for Volda kommune
Juni 2017: Lokaliseringa blir vedteken av HVO etter tilråding frå Statsbygg
Desember 2017: Kulturbyggdelen går ut av prosjektet
Mars 2018: Statsbygg lyser ut ein avgrensa anbodkonkurranse
September 2018: Dei fire forslaga som kom inn i konkurransen presentert
November 2018: Vinnaren av konkurransen lansert: PEAB/K Nordang AS med "EXPO"
FRAMDRIFT 2019 - 2021
August 2019: Regjeringsgodkjenning gitt 20. august
September 2019: Prosjektet over i ny fase
Oktober 2019: Opparbeiding av tomt, mellombels parkeringsløysing klar
November 2019: Byggestart
2021: Bygget ferdig og klart til overtaking