Utdanningspris til Myklebust
Pris for kvalitet i utdanninga 2020 ved Høgskulen i Volda (HVO) går til førsteamanuensis Randi Myklebust.
Det vart klart i styremøtet ved høgskulen torsdag 10. desember.
Myklebust er tilsett ved Institutt for pedagogikk ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. Hun tok til ved HVO i 2000 og underviser i dag i norsk og pedagogikk.
Her er grunngjevinga for pris for kvalitet i utdanninga 2020 ved HVO:
Randi Myklebust er ein dyktig undervisar som arbeidar både systematisk og forskingsbasert med undervisningskvalitet, men også er oppteken av å stadig utvikle utdanningane til det betre, og også hjelpe kollegaene. Vidare er Myklebust oppteken av kvalitet i utdanninga i alle ledd. Det vert også peika på at Myklebust legg ned ein ekstraordinær innsats i å utvikle varierte undervisningsopplegg med god oppfølging som engasjerer og motiverer studentane. Noko som også viser seg igjen i særs gode tilbakemeldingar frå studentane.
Myklebust har også eit fokus på bruk av nyskapande varierte og studentaktive arbeids og vurderingsformer. Myklebust har et stort engasjement for studentane og deira læring. Ho gjev fagleg støtte og inspirasjon til sine kollegaer og er sentral i den faglege utviklinga på institutt for pedagogikk og for utviklinga av lærarutdanningane.
Randi Myklebust er ein tilsett som er ein stor ressurs både for studentane sine og for sine kollegaer. Myklebust har eit stort engasjement for faget sitt i alt frå fagleg utvikling til formidlinga til studentane og oppfølging av dei. Ho viser også evne til fagleg fornying og har en interesse for og kunnskap om sitt fagfelt som er av stor betydning for HVO.
På bakgrunn av dette tildeler styret ved Høgskulen i Volda pris for kvalitet i utdanninga 2020 til Randi Myklebust.