Student i statens fald eller i eit livsmangfald?
Ei nasjonal evaluering av Kvalitetsreforma i høgre utdanning er i ferd med å verte avslutta. Reforma vart innført i 2003 på bakgrunn av Mjøsutvalet, som i NOU 2000/14: Frihet med ansvar la fram dei utfordringane sektoren står overfor.
Utvalet hadde då vore i arbeid sidan sommaren 1998. Så kom stortingsmelding nr 27/2000-2001: Gjer di plikt – krev din rett. Deretter skjedde det fort. Både reforma og bakgrunnen for reforma har mange sider, men her skal kun ei av dei få fokus: Å gjenreise heiltidsstudenten.
Stoda i høgre utdanning hadde nemleg vorte slik at heiltidsstudenten i snitt fungerte som ein halvtidsstudent, at fråfallet var monaleg og at studenten var for gammal når han/ho byrja i arbeidslivet. Mange hadde løna deltidsjobb. Pedagogiske endringar i retning av meir studentaktiv undervisning, meir prosessorientert vurdering og tettare oppfølging av den enkelte vart sentrale reformelement i strevet med å få heiltidsstudenten på beina att. Og studiefinansieringa skulle endrast slik at studentane jobba mindre med deltidsjobben og meir med studiet.
Kva evalueringa syner? At studentane i snitt bruker mindre tid (3t/v), ikkje meir, på studia enn før reforma, at dei i endå større grad enn før har løna arbeid – utan at det har særleg effekt for studietid eller fråfall – at dei i mindre grad er til stades ved lærestaden og at fråfallet er om lag det same som før.
Dei skriv rett nok meir oppgåver enn før, og produksjonen av studiepoeng har auka litt. Medan evaluerarane konkluderer med at vi er lengre unna heiltidsstudenten enn nokonsinne, opnar statsråd Djupedal ein evalueringskonferanse om saka med å seie at heiltidsstudenten framleis er målet. Korleis er denne openberre avstanden mellom planlagt og praktisert studieåtferd å forstå? Kven vil gå sigrande ut: Stat eller student? Og kva utfordringar gir dette høgre utdanning?
Med bakgrunn i eiga og anna forsking, særleg ungdomsforsking, kan følgande funn formulerast: Ungdom av vår tid framstår med moderasjon i utdanningsprosjektet, mangsysleri i livsprosjektet og mangfald i identitetsprosjektet. Dette gjeld på langt nær alle, men mange nok til at det kan kallast ein tendens. Dei avviser ikkje utdanning, men nektar plent på at den skal trenge til side andre viktige prosjekt i ungdomsfasen. Dei avviser at hendingar skal skje i tur og orden: Først utdanning, så arbeid og deretter famile. Dei avviser – truleg heilt utan å vere klar over det – kronologi som livsordnande prinsipp; sjølve grunnlaget for gårsdagens og dagens utdanningspolitikk. Slik ei ordning fungerte godt for etterkrigsgenerasjonens unge. For dei var utdanning garanti for ei noko nær sikker framtid. Etterkrigsgenerasjonens unge utdanna seg først og gjekk inn i arbeids- og familieliv etterpå. Dei reindyrka utdanninga ein avgrensa periode. Først var dei unge og så vart dei vaksne. Fremstegsfremjande, ryddig og effektivt. Dette var ei tid då stat og student hadde sams rasjonalitet. Ikkje slik no.
Sidan då har omstenda rundt det å vere ung endra seg radikalt: økonomisk, politisk og kulturelt. Sambandet mellom utdanning, god jobb og god framtid er meir utydeleg i dag. Høgre utdanning har, med unntak av enkelte studium, vorte masseutdanning. Det det går inflasjon i, misser verdi. Den typiske student i dag kjenner det ikkje som eit privilegium, men som ei plikt. Å studere. Dei lever ikkje sju magre år i påvente av dei sju feite. For i fortsetjinga av det alminnelege og pliktmessige i det å vere student, kjem lysta på mangsysleri. Ikkje gjere det eine etter det andre i tur og orden, men gjere mangt samstundes. Å studere, jobbe deltid, reise litt eller verda rundt, kan hende ha familie, dyrke fritidsinteresser; i særleg grad å røkte sosialt liv med venner. Det sosiale prosjektet står i særklasse.
I takt med dette går forvalting av ulike identitetar og arenaer for handling, for utfalding, for danning. Typisk er dette at dei graderer og situerer sin ungdom. Litt ung, mest vaksen – eller omvendt. Vaksen i den situasjonen, td på jobb og i familen. Ung i den situasjonen, td som student og saman med venner. Dei er både-og, kombiunge og fleksivaksne. Dei turnerer eit mangfald av roller, funksjonar og situasjonar. Dei tøyer grensene for tradisjonelt, levd ungdomsliv: Innhaldsmessig og tidsmessig. Dei utfordrar sentrale reformintensjonar. Og høgre utdanningsinstitusjonar. For mangsysleriet tek nødvendigvis ein del tid og energi. Eller kan det vere omvendt? At høgre utdanning over tid har skapt eit rom for mangsysleri for å tilpasse seg dei mange, massar av studentar og ikkje berre dei flinke, få? Vi er attende ved byrjinga og ved sentrale reformintensjonar. Kvifor fell ikkje studentar inn i statens fald?
Truleg ligg forklaringa i ein kombinasjon av tre tilhøve: Opplevd glede og rasjonalitet knytt til mangsysleriet som livsform, økonomisk fridom til å praktisere det gjennom både lån og løn – og tilsynelatande overkomelege fagleg krav for dei fleste. Konturane av ei ny type danning i høgre utdanning trer fram; den danninga som studentane søkjer utanfor institusjonsveggane; ei sosial og kulturell form for danning som veks fram i andre rom. Studentane avviser altså ikkje utdanninga, men modererer innsatsen til fordel for ei anna og breiare for for danning. Skal ånd og ordningar i kvalitetsreforma vinne terreng mellom studentar flest, må nok både læringstrykk og økonomisk trykk aukast. Om dette er ønskeleg og realistisk i ei tid der høgre utdanning har vorte masseutdanning, er ei anna sak. Her var saka kun å forstå.