Skuleforskarar ved Statsministeren sitt bord
Statsministeren sitt utgangspunkt var spørsmålet om vi har gått for langt i å løyse opp dei faste rammene rundt undervisinga, og om vi har lagt for mykje ansvar over på kvar enkelt elev og dei føresette.
- Vi la fram norsk og internasjonal forsking for ministerane, kommenterte professor Peder Haug til Aftenposten etter møtet, og la til at han var overraska over at alle var samde om problema og vegen ein skulle gå vidare.
Dei inviterte forskarane var professor Svein Lie ved Universitetet i Oslo, professor Peder Haug ved Høgskulen i Volda, professor Gunn Imsen ved NTNU, prosessor Thomas Nordahl ved Høgskolen i Hedmark, professor Sølvi Lillejord ved Universitetet i Bergen og forsker Nils Vibe ved NIFU-STEP.
Les meir i Aftenposten
Les meir på Regjeringen .no