Skal forske på bruk av nettbrett i skulen
Forskingsleiar Siv Måseidvåg Gamlem (t.v) og prosjektleiar Wenke Mork Rogne skal leie forskingsprosjektet DigiHand.
Forskingsprosjektet, som har fått namnet DigiHand, har fått tildelt midlar gjennom Noregs Forskingsråds program FINNUT. Dette er institusjonsforankra strategiske midlar. Det er søkt om 12,5 millionar kroner. Av 16 prosjektsøknadar har 4 fått forskingsmidlar, der dei andre utanom Høgskulen i Volda (HVO) er NTNU, Høgskulen på Vestlandet og Høgskolen i Sørøst-Norge.
Nybrotsarbeid
Førsteamanuensis Wenke Mork Rogne er prosjektleiar for DigiHand, medan førsteamanuensis Siv Måseidvåg Gamlem er forskingsleiar. Dette er elles eit samarbeidsprosjekt med forskarar ved Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger.
– Kvifor trur de at DigiHand vart vald?
– Barns bruk av nettbrett i skulen er eit svært aktuelt tema. Samstundes er det også – naturleg nok – svært lite forsking på dette frå før. Mange skular nyttar seg no av heildigitale klasserom, noko vi i DigiHand ønsker å finne meir ut av. Begynneropplæringa i skulen er viktig, og skriveferdigheitene til elevane får også store konsekvensar for det som skjer vidare i elevane sin skulegang.
Handskrift, bokstavar og tastatur
Rogne og Gamlem gjennomførte doktorgradsløpet samtidig og har etter det gitt ut fleire bøker og skrive artiklar saman. Difor vart det litt ekstra spesielt for duoen, som vart svært glade då dei fikk meldinga om at søknaden deira hadde gått gjennom. Prosjektet vil gå over tre og eit halvt år og starte opp i januar 2018. Fleire tilsette frå grunnskulelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda og frå Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger vil vere medforskarar i prosjektet.
– Vi skal studere to ulike tilnærmingar til skriveopplæring i 1. klasse i grunnskulen og følgje dei gjennom to år. Den eine der elevane nyttar nettbrett i skriveopplæringa og den andre der dei ikkje gjer det. Vi vil undersøke kva som gjer ein forskjell på skriveutviklinga til dei to gruppene, fortel Rogne og Gamlem.
Til dette vil dei nytte seg av videoopptak i klasserom og ulike instrument for å fange opp skriveprosessen.
– Vi kan til dømes finne ut om skriveutviklinga går fortare når elevane bruker nettbrett og tastatur. Er det enklare å lære bokstavane med tastatur? Og kva skjer med handskrifta?, lurer førsteamanuensisane på.
– Vi veit ikkje svara på desse spørsmåla enno og veit lite om effekten av nettbrett i skulen. Men vi er begge opptatt av læringsprosessar, kvalitet i undervisning og ein skule som er i endring.
Svarer på NOKUT-utfordring
Ideen til prosjektet dukka opp med utgangspunkt i at NOKUT skulle godkjenne den nye femårige grunnskulelærarutdanninga ved HVO. NOKUT meldte mellom anna tilbake at ein ved HVO var for svake på begynneropplæring og lese- og skrivevanskar. Søknadsprosessen for prosjektet tok for alvor til då Per Henning Uppstad frå Lesesenteret i Universitetet i Stavanger (UiS) vart tilsett som professor II ved HVO. Han vil vere deltakar og samarbeidspartnar i prosjektet. Uppstad framheva at høgskulen kunne få til eit prosjekt med kompetanseheving for dei tilsette på desse felta.
– Uppstad har erfaring frå leiing og deltaking av fleire større forskingsrådsprosjekt, og hadde eit rammeverk for søknaden, og vi tenkte at «dette må vi få til». Da ble det til at Per Henning, Siv og eg tok tak i det ilag og utvikla det vidare, seier Rogne.
– Ja, og det er vi glade for no. Dette prosjektet svarer på fleire delar av det NOKUT stilte spørsmål om. Det bygger kompetanse i begynnaropplæringa for tilsette ved HVO, det er tverrfagleg og det handlar om digital læring, seier Gamlem. Og ikkje minst har vi vist at Høgskulen i Volda kan få tildelt slike store prosjekt.
Gode saman
Rogne representerer Institutt for språk og litteratur, medan Gamlem er ein del av Institutt for pedagogikk, begge Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. Ein viktig kombinasjon meiner dei to.
– For å bli gode er tverrfagleg samarbeid essensielt – vi må bli gode saman. Dette er først og fremst ein lagsiger – heile avdelinga har støtta opp om arbeidet og har gjort det mogleg å kome dit vi er i dag.