Samisk dag
Som ein del av fleirkulturell veke i barnehagelærarutdanninga tok førsteårsstudentane og lærarane turen til Volda bygdetun for å lære meir om samisk kultur og levesett. Dei gamle bygningane på Haualeite danna ei fin ramme rundt aktivitetar som matlaging over bål, leikar og konkurransar av ymse slag og natursti med innlagde oppgåver.
Vi møter Maria Norangshol som er i ferd med å lage sin versjon av ein stallo, ein mytisk figur som opptrer i ulike roller i samisk folketru.
– Vi har nettopp gjennomført ei fleirkulturell veke der samisk kultur har ein sentral plass. Dette er ein fin og praktisk måte å lære meir om ulike sider den samiske kulturen, seier ho.
Praksis
Marte Nytun Grønfur kan fortelje at studentane snart skal ut i praksis.
– I løpet av praksisperioden skal vi gjennomføre ein samisk dag i den barnehagen vi skal ha praksis i. Det vi lærer har i dag vil vi vidareformidle i praksisperioden, seier ho.
Mens nokre av studentane var opptekne med leikar som lassokasting, hesteskokasting og tautrekking, var andre i full sving med å tenne bål og lage den kjende samiske matretten bidos, ei kjøttsuppe kokt på kjøt av rein. Denne retten vert nytta både til kvardags- og festmat. Til desserten vert det laga ein tradisjonell tyttebærgraut med byggryn.
Fleirkulturell veke
Dei fagleg ansvarlege høgskulelektor Kari Ryslett, førstelektor Jan Håkon Vikane og høgskulelektor Mailinn Corrado-Knutsen fortel at i rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver blir det lagt vekt på barnehagen som kulturarena.
– Det er viktig at barn møter ulike kulturar og tradisjonar, noko som legg grunnlag for respektfull samhandling mellom ulike etniske grupper.