Rykande ferske lærarar!

Det er nok av overskrifter om lærarmangel og synkande søkartal til utdanningane, men det er også gladnyheiter. Som denne! Her får du møte eit nydeleg kull nyutdanna lærarar, klare for å gjere skulekvardagen til ungane våre god.

Avslutning grunnskulelærarstudentar 2023

Nøgde grunnskulelærarstudentar og studentar frå Erfaringsbasert master i undervsining og læring som feira endt utdanning.

Tekst: Diam esse humo illum mos quadrum turpis validus Distineo ibidem jugis molior probo. Blandit elit immitto obruo occuro sit utrum voco.

- Oppdatert

Del på:

Det er nok av overskrifter om lærarmangel og synkande søkartal til utdanningane, men det er også gladnyheiter. Som denne! Her får du møte eit nydeleg kull nyutdanna lærarar, klare for å gjere skulekvardagen til ungane våre god. 

Fem år med studier, praksis, skuleovertaking, oppgåveskriving og eksamen er tilbakelagte kapittel – no ventar framtida! 

Dei har studert i fem år. Grunnskulelærarutdanning for 1.-7. trinn og Grunnskulelærarutdanning for 5.-10. trinn.  
Hatt praksis og skuleovertaking. Lært om vurdering og relasjonsbygging, lært om nye, digitale moglegheiter i klasserommet og korleis ein møter elevar på ulik måte. Og alle andre utfordringar og gleder som ventar i jobben i skulen. 

Lytt, utfordre og del

– De har jobba hardt med å kome i mål med masteroppgåva og det er nok nokre slitne hovud her, sjølv om eg må seie at de ser uforskamma flotte ut i finstasen, sa Eivind Patrick Hanevik, studieleiar for grunnskulelærarutdanninga, i talen sin til studentane. 

Eivind P Hanevik
Studieleiar Eivind Hanevik kom med gode råd til studentane som skal ut i arbeidslivet og nytte det dei har lært ved Høgskulen i Volda.

Hanevik ga studentane tre punkt med seg på veg ut i arbeidslivet.

– Lytt. Lytt til elevane, lytt til kollegaene og lytt til andre. Og sett av tid til det. Dei kollegaene som de vil møte har ei uvurderleg erfaring som det er viktig at de lyttar til.  

– Stol på deg sjølv! Ikkje ver redd for å stille spørsmål til etablerte sanningar og praksisar. Ikkje på ein krass bedrevitande måte, men med opne spørsmål. Er det noko som de stussar på så spør om kvifor det er slik og still spørsmål til om det kanskje vil vere lurt å prøve noko nytt.

– Del din kunnskap med dine lærarkollegaer. De som kjem ut i skolen no med den nye masterutdanninga sit med ettertrakta kunnskap, men denne kunnskapen har liten verdi om de ikkje deler den med andre. Difor ber eg dykk innstendig om å dele denne kunnskapen.

Venskap for livet

Arne Myklebust, dekan ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning var stolt over studentane som er ferdige med fem innhaldsrike studieår. I tillegg til all kunnskapen om undervisningsfaga, var dekanen opptatt av relasjonskompetansen og evna til å leie i ulike samanhengar.

Arne Myklebust
Dekan Arne Myklebust håper studietida i Volda har gitt mange gode minner for studentane.

Han la også vekt at dei ferske lærarane må vere med på å jobbe med utfordringa om å få til ein skule der alle elevar blir teke godt vare på.

– Det har gått snart fem år sidan de grunnskulelærarstudentane var samla på Kaarstad-huset for første gong. Spente sat de der å kikka forsiktig på kvarandre samtidig som de vart neddynga av informasjon frå oss. Eg sa den dagen at du skulle sjå deg rundt i rommet og at nokre av dei som sat rundt deg som du då ikkje kjende, kom til å bli dine nære vener. Eg sa og av erfaring at nokre venskap vil vare livet ut. 

– Eg håper eg fekk rett. Ta vare på venskapet og kvarandre. Lukke til med arbeidet i skulen. Eg håper verkeleg de vil trivast og oppleve at de lukkast i ein meiningsfull jobb. Eg håper og at de har med dokke mange gode minne frå studentida i Volda, avslutta Myklebust med eit smil.

Del på: