Rekordpåmelding til Databarnehagen-seminaret
Databarnehagen - kreative eller passive born?
Sidan hausten 2004 har Lila Moberg samarbeidd med born og vaksne i Røysmarka studentbarnehagen i Volda om dette prosjektet.
Torsdag frå kl. 09.00 vil Moberg presentere erfaringar frå prosjektet. Vidare vil deltakarane få prøve ut programvare og ta del i diskusjonar.
Data i barnehagen?
Det finst mange negative førestillingar om barn og databruk, t.d. at born blir asosiale og passive, at dei ikkje lærer å samhandle med andre, at dei får for lite fysisk aktivitet, m.m. Men det finst lite forsking på korleis born brukar IKT. Dette er noko av bakgrunnen for prosjektet til Moberg. Ho ville finne ut om born kan bruke datamaskina kreativt, dvs. bruke programvare på ein utforskande måte gjennom leik. Ein viktig del av prosjektet er at born skal vere aktive og lage eigne uttrykk ved hjelp av digitalt utstyr.