Opptaket: Matchar rekordåret 2012
HVO opplever som i fjor rekordhøgt studentopptak.
Godt resultat i Samordna opptak
Høgskulen i Volda tilbyr fem færre studium på Samordna opptak i år samanlikna med i fjor. Likevel held studenttalet seg stabilt på nesten 4000 registrerte studentar. Av desse er meir enn 2000 på campus.
– Vi er svært fornøgde med studenttalet i år, og vi ser at vi nærar oss ei grense for kor mange studentar vi kan ta opp med dagens infrastruktur og løyving frå departmentet, seier Smit.
HVO har særskilt opplevd ei auke i opptaket til Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) og mastergradene.
Framgang for viktige profesjonsutdanningar
Dei store og viktige profesjonsutdanningane innanfor sosialfag, både barnevern- og sosionomutdanningane, og barnehagelærarutdanningane har også gode opptakstal. Det har også vore godt oppmøte i haust, dei fleste som har takka ja i opptaket har også møtt til studiet.
stort lokalt opptak og REKORDMANGE NETTSTUDENTAR
Høgskulen i Volda har i år meir enn 900 nye studentar fordelt på 23 nettstudium. Mellom anna har Religion, livssyn og etikk (RLE) over 130 semesterregistrerte studentar, engelsk, skuleretta samfunnsfag og historie har rundt hundre studentar kvar. Men det absolutt største og breiaste nett-tilbodet er innanfor norskfaget, med nærare 300 nye studentar i haust.
─ Nettstudia vi tilbyr blir særskilt nytta som vidareutdanning for lærarar og det ser ut til at vi har opparbeida oss eit godt rykte innanfor dette området, seier Smit.