Nye doktorar: Meistring av førskulelærarolla i eit arbeidsfelt med lekmannspreg
Gerd Sylvi Steinnes disputerte 21. november 2014 over avhandlinga «Profesjonalitet under press? Ein studie av førskulelærarar si meistring av rolla i lys av kvalifiseringa til yrket og samarbeidet med assistentane». Mette Løvgren disputerte 5. desember 2014 over avhandlinga «Professional boundaries. The Case of Childcare Workers in Norway»
MAFAL-prosjektet har studert tilsette i nær 600 norske barnehagar og har vore eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda og Høgskolen i Oslo og Akershus, Senter for profesjonsstudier. Prosjektet har fått stor merksemd både nasjonalt og internasjonalt. I tillegg til tre stipendiatar, har fire forskarar frå dei to institusjonane delteke i samarbeidet. Alle har produsert artiklar med utgangspunkt i data frå prosjektet. Oversikt over publikasjonar er tilgjengeleg på MAFAL-prosjektet sine heimesider.
Prosjektet var støtta av Norges forskningsråd og har vore leia av professor Peder Haug ved HVO.